Cecilie tok faglærarutdanning i design, kunst og handverk, og følgde opp med ein master i estetiske fag. Ho spesialiserer seg på kunst i samfunnet, og nytta søppel og Instagram i oppgåveløysinga.
Les meir om master i estetiske fag
Fakta
Master i estetiske fag
Masterstudiet i estetiske fag vektlegg ei samfunnsorientert tilnærming til dei estetiske faga. Studiet har fire studieretningar: drama- og teaterkommunikasjon, fagdidaktikk: kunst og design, kunst i samfunnet, og mote og samfunn.

– Eg er veldig interessert i kunst og tenkte det ville vere spanande å fordjupe seg litt, fortel Cecilie Jørgensen. 

Etter tre år på bachelorutdanninga faglærar i design, kunst og handverk, fortsette ho med ei masterutdanning i estetiske fag. Utdanninga har fire retningar, og for Cecilie fall valet på kunst i samfunnet.  

– På fyrste året har me eit emne som blir kalla prosjekt i praksis kor me utviklar, planlegg og produserer eit praktisk kunstprosjekt. Eg har kalla prosjektet mitt «Gir ni liv».

Eg finn massar av kasserte materialar rundt om i heile Oslo.

Cecilie Jørgensen, masterstudent

Bakgrunnen og motivasjon for prosjektet fann Cecilie i samfunnet sitt overforbruk. 

— Det er så sjukt mykje som blir kasta, som eigentleg ein kan gjere bruk av; materialar som er heilt superfine. Eg finn massar av kasserte materialar rundt om i heile Oslo. «Søpla» set eg saman til nye ting som eg set ut på gata og gir bort til dei som vi ha det. 

Alt Cecilie ber om, er at nye eigarar postar eit bilete på Instagram av tingen i den nye heimen den har hamna i.   

Les meir om faglærarutdanning i design, kunst og handverk

Publisert 24.02.2017