Meny English

Homofile og lesbiske - vald og trakassering

I ein artikkel i Sosiologi i dag ser forskarar ved NOVA og Folkhelseinstituttet nærare på samanhengen mellom seksuell orientering og kor utsette ungdom er for vald og krenkingar. Artikkelen syner at førekomsten av vald blant gutar med homofil identitet er lågare enn det som er rapportert i andre undersøkingar.

Data er henta frå ein folkesetnadsstudie der over sju tusen ungdom som gjekk siste år i vidaregåande skule deltok. Forskarane undersøkjer korleis ulike dimensjonar i seksuell orientering - identitet, røynsler, forelsking og begjær - samvarierer med kor utsett ein er for krenkingar av ulik art.

Artikkelen legg vekt på eit fleirdimensjonalt perspektiv på seksuell orientering, der seksuell orientering blir sett som eit komplekst og mangesidig fenomen som ikkje let seg redusere til ein enkel homo/hetero-dikotomi. Forfattarane skil mellom det å føle tiltrekking til same kjønn, ha seksuelle erfaringar med ein av same kjønn og å ha ein homofil/ lesbisk eller bifil identitet. Desse ulike dimensjonane treng ikkje følgjast åt.

Lågare valdstal
Ei oppsummering av resultata syner at førekomsten av vald blant gutar med homofil identitet er mykje lågare enn det som er rapportert i andre undersøkingar. Dette gjeld særleg grov vald. Forskarane understrekar at biletet blir meir nyansert når ein tar med kjønnsdimensjonen i analysane.

Meir utsette for krenkingar
Artikkelen syner at jenter med tiltrekking til same kjønn og gutar med homoseksuelle erfaringar utan tiltrekking til same kjønn er mest utsette for mobbing og krenkingar samanlikna med annan ungdom. For unge jenter med lesbisk/bifil identitet eller tiltrekking til same kjønn, syner analysane at dei har ein overhyppigheit for å oppleve erting, trugslar om vald, seksuell trakassering, slag og grov vald samanlikna med dei andre gruppene av jenter. Det same er ikkje tilfellet for same kategori gutar.

Metodediskusjon
Artikkelen inneheld òg ein metodologisk diskusjon om korleis val av spørsmålsformuleringar, utval og operasjonaliseringar påverkar produksjonen av resultat, og dermed moglege tilstandsbilete av det fenomenet som blir studert.

For meir informasjon kontakt Kari Stefansen eller Kristinn Hegna, tlf. 22 54 12 00

Kjelde: 
Stefansen, K., Hegna, K., Valset, K., von Soest, T. & Mossige, S. (2009). Vold mot "homofil" ungdom. Forekomst og fortolkninger. Sosiologi i dag , 39(2):43-71
Last ned heile artikkelen i pdf-format
Lenke: Sosiologi i dag
Den originale publikasjonen er tilgjenglig via www.novus.no 

 

Data er henta frå den longitudinelle undersøkinga om kor utsette barn og unge er for vald og overgrep som NOVA gjennomførte i 2007. Sjå Rapport 20/02. Vold og overgrep mot barn og unge

Nina Eriksen Publisert: Oppdatert: