Meny English

Opptrappingsplanen for psykisk helse

Opptrappingsplanen for psykisk helse varte frå 1999-2008 og var ein stor reform i Helse-Norge. Tonje M. Høgeli har sett nærare på kva konsekvensar planen fekk for tilsette og brukarar av ein psykiatrisk institusjon. - Det at reformen legg vekt på brukarmedverknad og ansvar for eige liv, skapar vanskar for dei brukarane som kjem til institusjonane nettopp fordi dei ikkje meistrar slike krav, seier ho.

NOVA-rapport 12/09: Den store utestengningen. Et blikk på Opptrappingsplanen for psykisk helse er masteroppgåva til Tonje M. Høgeli avlagd ved Universitetet i Oslo.

Hovudproblemstillinga i oppgåva har vore å identifisere og analysere motsetningene mellom på den eine sida måla i Opptrappingsplanen for psykisk helse og på den andre sida konsekvensane gjennomføringa av planen fekk for brukarar og tilsette ved Fredlund psykiatriske institusjon.

Utestenging, ikkje "normalisering"
Den moderne velferdsstaten er prega av nyliberalistiske ideal, skriv Høgeli, og psykiatriske institusjonar blir konstruerte som ei kjelde til avvik og stigmatisering. Målsettinga til Opptrappingsplanen om å gje psykisk sjuke eit meir "normalt" liv ved å byggje ned institusjonane, er i tråd med dette synet. Brukarane hadde ei anna oppleving av "normalitet".

I rapporten syner Høgeli at brukarane på Fredlund opplevde utestengning der Opptrappingsplanen (OP) snakka om integrering, tap der OP snakka om fellesskap og auka marginalisering der OP snakka om normalisering.

I følgje Høgeli heng dette saman med at OP opererer med ei forståing av normalitet som står i motsetning til det å vere avhengig, og som er lik for alle borgarar. Fredlund-brukarane, derimot, opplevde si normalitet som knytta til Fredlund, til samhøyrsle og stabile relasjonar ved institusjonen.

Målet for OP er altså at dei vil oppmuntre brukarane til å bli meir uavhengige og "normale" slik OP tydar ordet; det vil seie at dei sjølve skal ta ansvar for sitt eige liv og i større grad styre seg sjølve. Brukarane opplevde at dei med veklegginga av brukarmedvirkning og frivillige ordningar blei tvinga ut i forandringar dei ikkje ønskte.

 
Illustrasjonsfoto (c) sxc

Lojalitetskonflikt for dei tilsette
Dei tilsette på Fredlund og i bydelen kjente seg fanga i ein lojalitetskonflikt mellom på den eine sida krava til OP og arbeidsgjevar, og på den andre sida brukarane og deira opplevingar. Høgeli tolkar også konflikten som ei spenning mellom tradisjonelle profesjonsverdiar og nye styringskrav, og mellom omsynet til omsorgsutøving og ein knapp ressurssituasjon.

I dei ulike forsøka på å manøvrere i desse dilemma, utøvde dei tilsette ulike former for motstand mot og kritikk av OP som paradoksalt nok til dels verka meir fremjande enn hemmande på implementeringa av han, fortel Høgeli.

Evaluering av Opptrappingsplanen
- Mitt feltarbeid var avgrensa i tid og rom, og eg kan ikkje evaluere OP som heilskap eller døme korleis han kjem til å fungere i framtida, seier Høgeli.

- Dersom eg likevel skal prøve å trekkje nokre lengre liner frå forskinga mi, måtte det vere at psykiatrien med Opptrappingsplanen later til å byrje å fungere meir på same premissa som resten av samfunnet. Dei same krav til sjølvstende og sjølvstyring skal no òg gjelde for brukarane av psykiatriske helsetenester som for andre borgarar.

Ingegrering fungerer best for dei som allereie er ganske sosiale og har mange aranaer å ferdast på; brukarmedverknad på systemnivå lar seg kun realisere for dei som er i stand til å la si stemme bli høyrd. Dette er paradoksalt i og med at mange av brukarane i utgangspunktet har kome til institusjonene av de dei ikkje meistrar slike krav, seier Høgeli.

Dei som fell utanfor det store fellesskapet som OP tek for gjeve at alle kan tilhøyre, får altså ikkje lengre noko "utanfor" å falle i. Ein av informantane sa det slik:

"Det som feiler meg, forsvinner jo ikke fordi om det kommer en ny psykiatrireform."

Les meir, last ned gratis eller ting rapporten:

NOVA Rapport 12/09
Den store utestengningen.
Et blikk på Opptrappingsplanen for psykisk helse
Tonje M. Høgeli

Nina Eriksen Published: Updated: