Meny English

Somaliarar og tamilar i Noreg

I boka Kultur og generasjon tek Ada Engebrigtsen og Øivind Fuglerud for seg sosial integrasjon i eit generasjonsperspektiv. Dei syner at den tilpassinga første generasjon innvandrarar har til det norske samfunnet, ikkje nødvendigvis blir reprodusert av andre generasjon.

Sjølv om kulturomgrepet er utskjelt, kjem ein ikkje utanom at kultur er eit viktig premiss for tilpassinga i Noreg, hevdar forfattarane. Innvandrarar er òg utvandrarar, og har med seg kulturelle verdiar frå heimlandet. Samstundes er dei norske institusjonane som innvandrarane skal ta del i, uttrykk for norske kulturelle verdiar og praksisar. I si nye bok tek Engebrigtsen og Fuglerud kultur på alvor, og diskuterer kva det tyder i praksis.

Boka blir lansert 18. desember kl. 14, sjå program.

Somalisk og tamilsk ungdom
Boka er basert på ei empirisk undersøking mellom innvandrarar frå Somalia og tamilske Sri Lanka, og deira barn oppvaksne i Noreg. Forskarane diskuterer korleis ulike kulturelle orienteringar i desse minoritetsgruppene legg til rette for ulike former for tilpassing til det norske samfunnet. Merksemda er særleg retta mot somalisk og tamilsk ungdom, og korleis dei ser på oppveksten i eit fleirkulturelt Noreg.

«Vanskelege» og «lette» å integrere
I den offentlege debatten blir somaliarane ofte sett på som «probleminnvandrarar» som det er vanskeleg å integrere, medan tamilane er «draumeinnvandrarar» som klarar seg sjølve. Mykje av dette synet er basert på arbeidstilknyting og bruk av sosiale tenester. Men biletet er ikkje så svart kvitt, fortel Engebrigtsen, andre generasjon tamilar og somaliarar kan ha andre tilpassingar enn foreldra, og det er ikkje sikkert at det er somaliarane som kjem dårlegast ut.

Første generasjon med innvandrarar frå Somalia og Sri Lanka inngår i ulike typer sosiale nettverk som får følgjer for integreringa i det norske samfunnet. Årsaka er mellom anna at dei har ulike slekts- og ekteskapstradisjonar.

Førstegenerasjonstamilane har i stor grad klart å etablere ein avgrensa gruppeidentitet med sin eigen infrastruktur og lite kontakt med norske institusjonar. Den sterke, indre organiseringa har mellom anna mogleggjort ei høg arbeidsdeltaking til tross for manglande norskkunnskapar hos mange. For neste generasjon kan imidlertid vidareføring av ein slik «enklave»-organisering føre til at ungdom ikkje etablerer sosiale nettverk ut over si eiga gruppe, noko som kan avgrense utsiktane til vidare sosial mobilitet, yrkesmessig og på andre sett, skriv forfattarane.

Den organisasjonsmessige fragmenteringa hjå den somaliske foreldregenerasjonen fører til færre restriksjonar på deltaking i ikkjesomaliske kontekstar. Fordi det er mykje større variasjon i tilpassing blant somaliske familiar enn blant tamilar, er det òg større variasjon i kva moglegheiter ungdomane har.

- Vår oppfatning er at det som har hjelpt dei tamilane som sjølve har innvandra, på sikt og på nokre område kan bli ei ulempe for barna deira. Samstundes meiner vi at dei problem som pregar livssituasjonen til somaliske innvandrarar, truleg vil kunne bli mindre i neste generasjon, seier Engebrigtsen.

Integrering tek tid
- Det vil vere ein fordel om vi innser at det å tileigne seg ein levemåte og ein subjektivitet som integrert del av det norske samfunnet, er ein prosess som tek tid, seier Engebrigtsen. - I dei fleste tilfella minst ein generasjon.

 

For meir informasjon kontakt Ada I. Engebrigtsen, tlf. 22 54 12 00

Kjelde: Engebritsen, A.I. & Fuglerud, Ø. (2009). Kultur og generasjon. Tilpasningsprosesser blant somaliere og tamiler i Norge . Oslo: Universitetsforlaget

Sjå også omtale av NOVA rapport 3/07: Ungdom i flyktningfamilier
Les meir om migrasjonsforskinga ved NOVA

Nina Eriksen Published: Updated: