Friskar opp matematikken

Før det store innrykket av studentar, får om lag 40 komande ingeniørstudentar friska opp matematikkunnskapane sine i eit vekelangt kurs.

Bilete av oppgåve på tavla

Medan det framleis er tynt med studentar i Pilestredet 35, skriv førsteamanuensis Sølve Selstø oppgåver på tavla, spør studentane og gjev dei tid til å arbeide med oppgåvene.

Studentane foreslår og spør, og løysinga vert vist på tavla.

Innførings- og oppfriskingskurset er for dei som har vore borte frå matematikk ei stund, eller etter eiga vurdering har dårlege matematikk-kunnskapar.

Alle studentane skal starte direkte på ingeniørutdanninga etterpå.

Bilete av Sølve Selstø

– Vi startar med basics, veldig elementære ting, som gjerne er pensum på vidaregåande og ungdomsskulen, seier Sølve Selstø.

– Til dømes grunnleggjande algebra, eller det vi har erfaring med at nokon treng oppfrisking i. Det vert gjort ein del elementære feil blant studentane våre.

– Vi sjekkar grunnlaget litt på kurset, også. Vi oppmodar studentane til å sjå på kva dei treng og kva dei kan frå før. Det vert likevel litt selektivt kva vi kan ta føre oss.

– Kva skal dei kunne etter eit slikt kurs?

– Eg håpar dei får litt klarare for seg kva dei lærte av matematikk på vidaregåande og i grunnskulen, og at dei får ei verkelegheitsorientering i kva som vert forventa av dei.

– Er det mange som ikkje har hatt matematikk på ei stund?

– Det er ein del som kjem frå yrkeslivet. Men vi har også dei som kjem rett frå vidaregåande, seier Sølve Selstø.

Frammøtet er frivillig, utan særskilt påmelding, og studentane kan drive sjølvstudieaktivitetar i Pilestredet 35 etter undervisinga tek slutt om ettermiddagen.

Kurset vert halde 6. – 10. august, med undervising kvar dag kl. 0900 – 1400.

Bilete av deltakarar i oppfriskingskurset i matematikk

Meir informasjon:

Ingeniør-, teknologi- og datastudiar

Olav Johan Øye Published: Updated: