HiOA har blitt OsloMet – storbyuniversitetet. Les mer om hva det har å si for deg.

meny
søk
English

Ingen risiko å bli gammal utan barn

Det er godt dokumentert at barn ikkje aukar lykkekjensla blant yngre vaksne. Sjølv om barn gjev mange gledjer, så har ansvaret ei rekke kostander - for ekteskapet, karriere og fritid. Men kva med eldre år? Er barn ei investering i framtidig livskvalitet?

main_image

I ein ny artikkel i Tidsskrift for norsk psykologforening skriv NOVA-forskar Thomas Hansen om kva det å vere barnlaus har å seie for livskvaliteten i vaksen alder.

Mindre meiningsfult liv som barnlaus?

Det er ei vanleg oppfatning at barnlause personar lever mindre meiningsfulle og rike liv enn dei som er foreldre, og at mange barnlause - spesielt i eldre år - er einsame og deprimerte, skriv Hansen.

Han fortel òg at det er gode grunnar til å meine dette. For det første fordi det å vere barnlaus før 1960-åra oftast var ufrivillig og representerte eit brot med den forventa og ønska livskursen. Ufrivillige barnlause kan difor oppleve ei kjensle av tap, sorg eller kjenne seg mislukka.

Barnlause blir heller ikkje besteforeldre - ei rolle dei fleste set høgt og opplever som meiningsfull og av stor verdi.

Forsking syner òg at det å vere barnlaus generelt er forbunde med mindre tilgang til sosialt selskap og støtte i eldre år, spesielt blant etterlatne og eldre med dårleg helse.

Fleire blir barnlause

Berekningar viser at talet på barnlause kvinner fødde etter 1970 vil liggje på mellom 15 og 25 prosent i industrialiserte land. I Noreg er det spesielt ei auking av barnlause menn. Omlag kvar femte mann og kvar åttande kvinne i 45-års aldar er i dag barnlause i Noreg.

Det er ei viss uro over at fleire barnlause vil resultere i fleire isolerte og einsame, og i fleire eldre med psykiske vanskar, noko som igjen kan auke behovet for offentlege tenester.

Studier av norske barnlause

Hansen har, saman med Britt Slagsvold og Torbjørn Moum, undersøkt kor viktig det er å ha barn sett i forhold til ei rekke mål på livskvalitet hos eit representativt utval på 5500 personar i alderen 40-80 år. Data er henta frå Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG).

Forskarane fann at det å ha barn ikkje syntest å auke den kjenslemessige livskvaliteten, slik ein ofte trur. Når det gjeld den kognitive livskvaliteten (tilfreds med eige liv), var resultata forskjellige for kvinner og menn. Kvinner som hadde barn, hadde noko høgre sjølvvørdnad og var noko meir tilfredse med livet. Blant menn var det ingen slik samanheng.

Forskarane fann i tillegg ingen indikasjonar på at eldre barnlause menn eller kvinner, med eller utan partnar, er spesielt utsett for einsemd eller depresjon.

"Funnet er overraskande, av di det er vanleg å tenkje at det å vere barnlaus får større negative konsekvensar i eldre år når behovet for hjelp og støtte aukar, spesielt om ein er einsleg", seier Hansen.

Han understrekar at dei aller eldste og mest skrøpelige eldre ikkje er med i studien.

Noreg samanlikna med andre land

Ein gjennomgang av internasjonale studier på feltet syner det same som dei norske tala på eitt område: i vestlege land er det få eller ingen følgjer for livskvaliteten av å ha barn i midtlivet og i eldre år.

I land kor eldre er avhengige av familien for hjelp og støtte i eldre år, som til dømes søraust i Europa og Kina, rapporterer barnlause eldre om lågare lykkekjensle og meir einsemd og depresjon enn i land med ei sterkare velferdsstat.

Einsemd og depressive symptom aukar i eldre år på grunn av svekka helse og tap av nære relasjonar, men i Noreg ser ikkje denne prosessen ut til å blir påvirka av om ein har barn eller ikkje.

Hansen har også skrive ein annan artikkel som undersøkjer forsking frå heile verda på temaet foreldreskap og lykke. Den viser at ein i den vestlige verda har det betre utan enn med barn (målt med lykke og kor tilfreds ein er). Unntaket er her i Norden, kor ein anten er like lykkeleg eller svakt meir lykkeleg med barn. Forskinga er hovudsakleg av yngre (under 50 år).

Mytar og realitetar

Mange ufrivillig barnlause går nok gjennom ein tung fase når dei prøver å forsone seg med at dei ikkje får barn. Men oftast går kjensla av savn og vonbrott over etter ei tid. Dei fleste tilpassar seg og finn andre kjelder til sjølvrealisering, tilhøyrsle, støtte og meining.

Det er sjølvsagt forskjellar blant dei barnlause òg, seier Hansen. For nokon kjennest savnet tungt over lengre tid, kanskje livet ut. Men mange familiar med barn slit òg, ikkje på tross av, men nettopp fordi dei har barn. I gjennomsnitt blir ikkje lykka påvirka av om ein har barn eller ikkje, og myten om at dei barnlause er så ulykkelige stemmer ikkje.

Korleis måler vi livskvalitet?

NOVA-forskar Siri Næss definerer livskvalitet som psykisk velvære, dvs. å ha gode kjensler og positive vurderingar om eige liv. ( Sjå NOVA-rapport 3/01.)

Ifølge definisjonen har livskvalitet ei vurderingsmessig dimensjon ("kognitiv livskvalitet"), som vi kan måle med kor tilfreds ein er med eige liv, og ein kjenslemessig side ("affektiv livskvalitet"), som ofte blir målt med ulike samlemål på positive og negative kjensler.

 

Meir informasjon

 

Forskingsartiklar

Thomas Hansen (2012). Parenthood and Happiness: a Review of Folk Theories Versus Empirical Evidence. Social Indicators Research , 2012(108):29-64 ( pdf)

Hansen, T., Slagsvold, B. & Moum, T. (2009). Childlessness and Psychological Well-Being in Midlife and Old Age: An Examination of Parental Status Effects Across a Range of Outcomes.
Social Indicators Research , 2009(94):343-362 ( pdf)

Nina Eriksen Publisert: