Nytt masterstudium i universell utforming
Høgskolen i Oslo og Akershus får masterstudium i universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) frå hausten av.
Masterstudiet skal medverke til å dekkje eit aukande behov for fagleg spisskompetanse i universell utforming av IKT-løysingar, for eksempel webapplikasjonar, kontorapplikasjonar, mobiltenester, forbrukarelektronikk eller elektroniske sjølvbeteningsautomatar.
Mange land har i aukande grad fått lovpålagde krav om tilrettelegging for brukarar med funksjonsnedsetjingar, for at alle kan ta aktiv del i samfunns- og arbeidsliv. Dette medfører stort behov for fagfolk som kan sikre at samfunnet sin IKT-infrastruktur er tilgjengeleg i samsvar med krava.
Instituttleiar Laurence Habib ved Institutt for informasjonsteknologi gler seg til første opptak til studiet.
Viktig for samfunnet
– Masterstudiet i universell utforming av IKT er innovativt og har mykje å seie for samfunnet. Fokuset på inkludering og brukarmangfald, som gjennomsyrer alle teknologiutdanningane våre, blir endå tydelegare med eit slikt studium, seier Laurence Habib.
– Vi i kollegiet er svært opptekne av å utvikle og formidle kunnskap om kva som skal til for å gjere IKT meir brukarvennleg for alle, i tillegg til å sikre tilgang til IKT-løysingar for eldre brukarar og brukarar med nedsett funksjonsevne.
Spennande tverrfagleg
– At vi har fått dette studiet er eit stor pluss for studentar som får høve til å spesialisere seg i eit svært aktuelt og samfunnsrelevant område. At studiet er tverrfagleg av natur og gjev innblikk i design, samfunnsvitskap, sosialfag, jus, helse og rehabilitering, i tillegg til å gje ein solid teknologisk og forskingsvitskapleg kompetanse, gjer det etter mi meining ekstra spennande.
– «Disability studies», som fokuserer på å fjerne samfunnsskapte funksjonshemjande barrierar, er eit nytt forskingsområde som blir sentralt for studentane. I dei seinare åra har det utvikla seg fleire aktuelle internasjonale forskingsnettverk innan universell utforming av IKT som vil vere relevant.
Internasjonalt
– Studiet føreset elles at studentane tek delar av studiet i utlandet. Alternativt kan det leggjast til rette for internasjonalt samarbeid med base ved HiOA.
– Vi reknar også med at studiet vil rekruttere internasjonale studentar som vil gjere fagmiljøet rikare med andre perspektiv og erfaringar, seier Laurence Habib.
Utdannar kompetente medarbeidarar
Studiet vil utdanne kompetente medarbeidarar til programvareutvikling, rådgjeving, konsulentarbeid og entreprenørverksemd i universell utforming av IKT-løysingar. Det er relevant for interaksjonsdesignarar, ingeniørar og liknande fagpersonell i offentleg sektor, interesseorganisasjonar og privat næringsliv, og gjev grunnlag for vidare studiar på doktorgradsnivå.
Studiet inneheld emne som universell utforming av interaktive system, forskingsmetode, funksjonsnedsetjing og tilrettelegging, interaksjonsformer og teknologi for tilgjengelegheit, akademisk forfattarskap og etikk, teknologiglobalisering, programmering og API for interaksjon (data), intelligente brukargrensesnitt (data) og masteroppgåve.
Søknadsfrist 15. april
Kunnskapsdepartementet vedtok i mars at høgskulen kan opprette masterstudiet. Ein sakkunnig komité sett ned av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har tidlegare vurdert søknaden om masterstudium, og uttalt seg positivt. For opptak til hausten er søknadsfristen 15. april.
Meir informasjon om masterstudiet i universell utforming av IKT
