To vinnarar i essaykonkurransen
Kristin Rostad Gangstad og Anne-Grete Bye vann årets essaykonkurranse om kjønn og likestilling i barnehagen.
Essaykonkurransen er eit av tiltaka som kom i gang då førskolelærarutdanninga ved dåverande Høgskolen i Oslo fekk likestillingsprisen frå Kunnskapsdepartementet i 2009.
Årets konkurranse er den tredje og siste i sitt slag. Prisen er på 5000 kr, og teksten blir samstundes vurdert for publisering i Utdanningsforbundets fagtidsskrift Første steg.
Juryen kom til at prisen i år skulle gå til to vinnarar, som får 5000 kr kvar.
Anne-Grete Bye
Dette bidraget har tittelen „Jente er da gutt – noen tanker om flere kjønn, positiv bekreftelse og ny praksis i barnehagen”.
Anne-Grete fekk prisen det første året òg, med ein tekst som hadde same tematikken, men årets bidrag gjev nye perspektiv. Det handlar om å tore å vere open, forvente aksept og bli sett for den ein er, når opplevinga av eige kjønn ikkje stemmer med den biologien ein har fått tildelt.
Anne-Grete arbeider no som førskolelærar.
Kristin Rostad Gangstad
Bidraget hennar, med tittelen „Kanskje du skal leke litt i dukkekroken i dag”, er ein tekst som på ein enkel måte set lys på korleis dei som arbeider i barnehage, kan overse dei eigentlege ønska og vennskapspreferansane til borna.
Våre blikk på jenter og gutar blir styrte av inngrodde vanar og kan føre til at born slett ikkje får det optimale tilbodet i barnehagen.
Kristin går første året på master i barnehagepedagogikk.
Vi gratulerer dei to prisvinnarane!
Juryen var den same som tidlegare år:
Høgskolelektor Yngve Benestad Hågvar, Institutt for journalistikk og mediefag ved HIOA
Spesialkonsulent Einar Juell, Utdanningsforbundet
Høgskolelektor Kari Jorde, Institutt for førskolelærarutdanning (FLU) ved HiOA
Høgskolelektor Leif Askland, FLU/HiOA
