HiOA har blitt OsloMet – storbyuniversitetet. Les mer om hva det har å si for deg.

meny
søk
English

Meistring av rolla som førskulelærar

Det er liten skilnad i kva slags oppgåver førskulelærarar og assistentar gjer i barnehagen. Det kan påverke yrket sin status.

Gerd Sylvi Steinnes

Førskulelærarane arbeider i eit felt som er statleg regulert, men der mange av arbeidsoppgåvene liknar på oppgåver som vert gjennomført i dei fleste heimar med barn.

– Skiljet mellom det profesjonelle og det private kan difor vere uklart, seier Gerd Sylvi Steinnes, som disputerer for graden ph.d. i profesjonsstudiar 21. november.

Gjennom arbeidet med avhandlinga har ho undersøkt førskulelærarane si profesjonelle utvikling. Ho gjekk inn i arbeidet med eit ønskje om å utvikle forståing for kva rolle førskulelærarane sitt kunnskapsgrunnlag spelar for korleis dei gjer jobben sin. Avhandlinga studerer mellom anna korleis arbeidsdelinga mellom personalet er organisert.

Assistentar meir tid med borna

Arbeidsdelinga i barnehagen er lite differensiert.

– Førskulelærarane har ansvar for spesialpedagogiske aktivitetar, leiing av femårsklubb og formelt samarbeid med foreldra, i større grad enn assistentane, seier Steinnes.

Førskulelærarane har også ansvar for planlegging og dokumentasjon.

– Dette har som konsekvens at assistentane har meir tid direkte saman med borna enn førskulelærarane, seier ho.

Steinnes forteller at førskulelærarane vurderer kompetansen sin frå utdanninga gjennomgåande positivt.

– Det interessante er at dei ser ut til å vurdere assistentane som like kompetente til å utføre majoriteten av arbeidsoppgåvene i barnehagen, som seg sjølve, seier ho.

Auke status

Steinnes meiner at mykje kan gjerast av førskulelærarane sjølve for å auke yrkets status.

– Førskulelærarane må synleggjere det profesjonelle grunnlaget for det pedagogiske arbeidet dei gjer, og kva som skil dette frå allmennkunnskap om barn, seier ho.

– Dette er viktig for profesjonen sin legitimitet, men også for å skape forståing for at systematisert kunnskap og kompetanse er viktig for kva barnehagetilbod som vert gitt.  

Disputas

Gerd Sylvi Steinnes disputerer fredag 21. november 2014 for graden ph.d. i profesjonsstudiar ved HiOA med avhandlinga «Profesjonalitet under press? Ein studie av førskulelærarar si meistring av rolla i lys av kvalifiseringa til yrket og samarbeidet med assistentane».

Kjersti Lassen Publisert: Oppdatert: