HiOA har blitt OsloMet – storbyuniversitetet. Les mer om hva det har å si for deg.

meny
søk
English

Årsrapport 2016: Senter for profesjonsstudier

Årsrapport over Senter for profesjonsstudiers virksomhet i 2016

Maria Elise Koppang Frøjd Publisert: Oppdatert:

Senter for profesjonsstudier (SPS) er et bredt sammensatt forskningsmiljø som studerer profesjoner, profesjonsutøvelse, profesjonsarbeidsmarkeder og profesjonskvalifisering. Spørsmål om det kunnskapsmessige og normative grunnlaget for profesjonell virksomhet står sentralt.

"Etter at ekspertgruppa om lærarrolla overleverte sin rapport til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i august 2016, var det brei fagleg og politisk semje om at dette var eit godt grunnlag for den vidare diskusjonen om styrking av lærarane sitt kunnskapsgrunnlag og yrkespraksis. Det skal sjølvsagt mest av alt medlemmene i ekspertgruppa og gruppas leiar, Thomas Dahl, ha æra for.

Når det er sagt, vil eg likevel vere frimodig nok til å påstå at ein knapt kunne finne ein betre heim for sekretariatet og viktige delar av utgreiingsarbeidet, enn akkurat Senter for profesjonsstudiar. Analysen i rapporten spenner opp eit breitt lerret, frå den analytiske tilnærminga til lærarrolla, via den historiske analysen av kva aktørar og prosessar som har forma dagens strukturar, skildringa av dei styringsformer og reguleringar som i dag omkransar læraryrket, tidsserieanalyser av rekruttering og lønnsutvikling, til studiet av lærarutdanningane og sjølve yrkespraksisen. SPS har, med sitt mangfald av pedagogar, historikarar, sosiologar og andre samfunnsvitarar, eit teoretisk og metodisk spekter som gjev oss heilt spesielle føresetnader for å kunne setje saman forskarfellesskap som svarar på slike overordna syntetiserande problemstillingar som ekspertgruppa arbeidde med.

Denne breidda er ein styrke, også når ein skal analysere meir avgrensa, spissa problemstillingar. Og når ein skal gjere strategiske val som inneber naudsynte kursendringar for forskinga og forskarutdanninga. Den eksterne evalueringa av doktorgradsprogrammet dokumenterte det vi lenge har trudd: At forskarutdanninga held eit høgt nivå, og at den sterke integrasjonen av forsking og forskarutdanning som kjenneteiknar SPS er eit av våre styrker. Men evalueringa peika også på at styrka internasjonalt forskar- og forskarutdanningssamarbeid er ein nøkkel for ytterlegare kvalitetsheving. I dei strategiske vegvala vi no står framfor, er det å kombinere rollene våre som bidragsytar til norsk utdanningspolitikk, bidragsytar utviklinga av høgskulen sine profesjonsutdanningar og dei yrkesfelta vi utdannar til, og det å vere i den internasjonale forskingsfronten på utvalte fagområde, avgjerande." Skriver Senterleder Oddgeir Osland, i forordet til årsrapporten.

Årsrapport 2016: Senter for profesjonsstudier