HiOA har blitt OsloMet – storbyuniversitetet. Les mer om hva det har å si for deg.

meny
søk
English

Ingen auke i konkurranseutsetting i kommunane

Bruken av konkurranseutsetting i kommunane er stort sett uendra sida 2012. Bruk av opne informasjonsmøter, folkemøter, høyringar, befolkningsundersøkingar, innbyggjarinitiativ stig. Det kjem fram i rapport om kommunanes organisering.

Jan-Tore Berghei Publisert: Oppdatert:
Kommuner Norge

By- og regionforskningsinstituttet NIBR hjå Høgskolen i Oslo og Akershus har på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet kartlagt organisasjons- og arbeidsformer i kommunar og fylkeskommunar i 2016. Dette er undersøkingar som har blitt gjort sida 1995. 

Forskar Lars Monkerud NIBR HiOA

Dei første kartleggingane avdekka omfattande endringar i kommunenes og fylkeskommunenes organisering. Kartleggingane frå 2008 og 2012 viste at endringane i overordna politisk og administrativ struktur bremsa opp.

– I undersøkinga frå 2016 har vi sett at en slik hovudtendens fortsett, seiar prosjektleiar Lars Chr. Monkerud, forskar i NIBR.

– Det er altså stor grad av stabilitet i kommunenes og fylkeskommunenes organisering.

Samtidig ser man nokon tydelege utviklingstrekk i organiseringa av kommunar og fylkeskommunar, mellom anna når det gjeld administrativ struktur og når det gjeld arbeid med kommunikasjon, informasjon og demokratiutvikling.

Nokon hovudfunn

  • Formannskapet får redusert betydning, mens administrasjonssjefen har fått en sterkare rolle.
  • Kvinneandelen i kommunestyre, formannskap, fylkesting og fylkesutval samt faste politiske utval ligger på noelunde same nivå som i føregåande valperiode.
  • Kommunikasjon på internett har stabilisert seg på et høgt nivå, 2/3 av alle kommunar nyttar seg av SMS-kommunikasjon, og sosiale mediar nyttast nå av nærmare 90 prosent av kommunane.
  • Opne informasjonsmøter brukas hyppigare i 2016 enn i 2012, bruken av opne folkemøter/høyringar og befolkningsundersøkingar stig kraftig frå 2012 til 2016, og innbyggjarinitiativ nyttast i stigande grad i perioden 2004-2015.
  • Kommunane tar framleis hand om dei fleste oppgåvene innanfor egen driftsorganisasjon, og bruken av konkurranseutsetting og av innsats- eller stykkprisfinansiering på ulike tenesteområda er stort sett uendra sida 2012.

Rapport: Kommunal organisering 2016 (NIBR-rapport 2016:20).

Formannskapet får redusert makt

I formannskapskommunane ser vi at formannskapet får redusert betydning. Undersøkinga for 2016 vis at omfanget av delegert myndighet frå kommunestyret til andre politiske organ fortsatt minkar, og en tydelig tendens i perioden 2008-2012 til at formannskapets rolle reduserast fortsetter også frå 2008 til 2016.

Kartlegginga av organiseringa av dei siste fasa i budsjettprosessen viser at administrasjonssjefen har fått en sterkare rolle i 2016 på kostnad av de folkevalte organa. Dette vidarefører lengre trendar som har gått for seg sida starta av 2000-tallet, der en «sentralisert administrativ» prosess nå er totalt dominerande både i kommunane og i fylkeskommunane.

Går tilbake til ei hierarkisk organisering

Omfanget av delegering frå politiske organ til administrasjonssjefen endrar seg ikke dramatisk frå 2012 til 2016. På det administrative nivået ser vi til dømes nokon tydelige utviklingstrekk. I 2012 var trenden at «kommunane i nokon større grad vender tilbake til den tradisjonelle hierarkiske organiseringa med mellomledar, enn det som har vært vanlig mot slutten av 2000- talet.» En tidlegare utflating av organisasjonsstrukturen i kommunane stopper altså opp etter 2008, og en ser at trenden i 2012 også fortsetter i 2016.

– Kommunane vender i stadig større grad tilbake til den tradisjonelle hierarkiske organiseringa, fortel Monkerud.

I 2016, som i føregåande undersøkingar, er det er fremdeles slik at kommunane tar hand om dei fleste oppgåvene innanfor egen driftsorganisasjon. Samtidig vel kommunane interkommunale løysningar for oppgåveløysing på fleire områder (slike som revisjon og renovasjon).

Vertskommunesamarbeid (utan folkevalt nemnd) nyttast i liten grad, men med et visst innslag innanfor krisesenter- og legevaktområda. Vertskommunesamarbeid med felles folkevalt nemnd nyttast i svært liten grad. Ordningar der kommunal tenesteyting er geografisk distriktsinndelt er i ferd med å fases helt ut.

Kartlegginga i 2016 har for første gang tatt for seg ulike styringsverkemidla som kommunane tar i bruk overfor sine selskap.

– Mange kommunar har oppgitt å behandle eigedomsmeldingar for selskapa sine i kommunestyret, men det er også vanlig å holde eigarmøte med kommunens selskap og vedta egne strategiar for eigardømet, seiar forskar Jan Erling Klausen ved NIBR og UiO.

Andre styringsverkemidla – for eksempel eigarstrategiar for enkeltselskap eller delegasjonsreglement – nyttast i mindre omfang. Fylkeskommunane nyttar alle aktuelle styringsverkemidla i større grad enn kva som er tilfelle hos kommunane.

Kommunal kommunikasjon

I 2016 bruker få kommunar lokal dagspresse eller informasjonsavis i kommunikasjonen med innbyggarane, mens fleire tilsett informasjonsmedarbeidarar i hel- eller deltidsstilling. Samtidig ser man stigande bruk av nærradio-/lokal-TV-/Internettsendingar frå kommunestyremøta.

Bruken av Internett i kommunikasjon med befolkninga har stabilisert seg på et høgt nivå, og sida 2008 har talet kommunar som nyttar seg av SMS-kommunikasjon fordobla seg kvart fjerde år (slik at 2/3 av alle kommunar no nyttar seg av det).

Sosiale mediar nyttast nå av nærmare 90 prosent av kommunane (mot 55 prosent i 2012). Delen kommunar som gir ut informasjonsmateriell på fleire språk og som gir ut informasjonsmateriell for blinde stig og frå 2012 til 2016.

– Det er positivt at kommunane tek i bruka digitale medium i sin kommunikasjon med innbyggjarane. Det er viktig for lokaldemokratiet og bra at kommunane tilpassar seg dei kanalane innbyggjarane bruker, og er til stades der innbyggjarane er, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Demokrati i vekst?

Opne informasjonsmøter brukas hyppigare i 2016 enn i 2012, og bruken av folkemøter/høyringar og befolkningsundersøkingar stig og kraftig i same periode. Innbyggarinitiativ nyttast i stigande grad i perioden 2004-2015.

– Mens det ble fremma innbyggarinitiativ i om lag 27 prosent av alle kommunane i føregåande valperiode auka dette talet til 37 prosent i 2012-2015-perioden. I same tidsrom kan ein gi anslå til at talet på innbyggarinitiativ auka med rundt 26 prosent, fortel Monkerud.

Ingen auke i konkurranseutsetting, mindre offentlig-privat samarbeid

Fram til 2012 auka andelen kommunar som nyttar ulike konkurranseeksponeringstiltak kraftig. Fram mot 2016 flata den utviklinga ut på dei fleste områda. Bruken av konkurranseutsetting og av innsats- eller stykkprisfinansiering på ulike tenesteområda er stort sett uendra sida 2012. Offentlig-privat samarbeid (OPS) er i 2016 mindre vanleg blant norske kommunar. Mønsteret som omtalast ovanfor gjeld i stor grad og fylkeskommunane.

Samtidig aukar bruken av «samanliknbare data» eller benchmarking over tid. Kommunane tar og i aukande grad i bruk friare brukarval frem mot 2012, men omfanget har i 2016 nådd et foreløpig mettingspunkt. For fylkas del nyttast friare brukarval i mindre grad i 2012 og 2016 enn tidlegare.