HiOA har blitt OsloMet – storbyuniversitetet. Les mer om hva det har å si for deg.

meny
søk
English

Lokalisering av statleg verksemd kan hemme klimamål

Kva roller har statlege verksemder i den arealpolitiske forvaltinga, og følgjer dei etablerte retningslinjer for planlegging? Rapport tilrår at kommunar krev ein meir aktiv stat i byutviklinga for å nå Noregs klimamål.

Jan-Tore Berghei Publisert: Oppdatert:
Lokalisering av statlig virksomhet

Tanken har vore at Noreg skal nå klimaforliket sitt mål om at transportveksten i storbyane skal takast gjennom kollektiv, sykkel og gonge gjennom en meir samordna planlegging.

For å få til dette har ein etablert såkalla statlege planretningslinjer for bustad-, areal- og transportplanlegging (SPR-BATP). Spørsmålet er korleis desse retningslinjene blir følgt opp, og om dei har reelle gjennomslagskraft.

Forskar Marianne Millstein NIBR

En rapport frå By- og regionforskningsinstituttet NIBR ved HiOA har sett på kva oppgåva statlege sektorer og etatar har som påverkar storbyområdenes evne til å oppnå måla i de statlege planretningslinjer.

Rapporten slår fast at lokaliseringa av statleg verksemd i byane per i dag ikkje er ideell for å nå mål om minimering av transport, og gir et utval døme på god og dårleg lokalisering.

Rapporten kjem og med fleire tilrådingar for bruk og endring av det norske plansystemet, og tilrår at kommunane krev ein meir aktiv stat i byutviklinga.

– Tilrådinga frå prosjektet er i første rekke at kommunane bør nytte handlingsrommet som ordninga med byutviklingsavtaler gjer, fortel prosjektleiar  Marianne Millstein ved NIBR.

Ho har forfatta rapporten saman med forskarane Geir Orderud, Gro Sandkjær Hanssen og Sigrid Stokstad.

Rapport: Staten og bærekraftig byutvikling – En kartlegging av statens ansvar og roller i byutviklingsavtaler (2016:10).

Krev ein meir aktiv stat

I forhandlingane kan kommunane krevje at statlege aktørar held seg til dei same statlege og regionale styringssignala som storbyane og omlandskommunar egnskommunar må følgje, slår forfattarane av rapporten fast. Vidare bør kommunane peike på betydninga av staten sin planpraksis, særleg i rolla som motsegnsmyndigheit, og gå inn på kva som kan bli konkrete utfordringar i oppfølginga av den enkelte regionale planen.

– Kommunane bør også krevje at staten tek ein meir aktiv rolle som aktør i byutviklinga som eigedomsforvaltar, som arbeidsplass og som tenesteleverandør, seier Millstein.

– Til slutt bør dei og krevje at både statlege og kommunale aktørar skal rapportere om måloppnåing.

Prosjektet foreslår også endringar i plan- og bygningsloven, og at statlege lokaliseringar som inneber arealendring (nybygging) bør leggjast under plan- og bygningslova. Det bindande utslaget av regional plan for alle offentlege myndigheiter bør også styrkast gjennom lovendring.

Statleg lokalisering ikkje optimal

Lokalisering av statleg verksemd i byene viser at lokaliseringsmønsteret for statleg verksemd ikkje er optimalt i forhold til eit mål om transportminimering. 

– Dette påverkar høvet for å realisere bærekraftig byutvikling, påpeker prosjektleiaren.

Forsker Gro Sandkjær Hanssen, NIBR, HiOA

Gjennomgangen av utvalte enkeltsaker om lokalisering av statleg verksemd har synleggjort at det er nødvendig å gå nærare inn på lokaliseringsavgjerd i lys av eksisterande planer og andre styrande plandokumenter. Kartlegginga viser at omsyna bak SPR-BATP blir gitt varierande vekt i statlege vedtaksprosessar.

– Dei statlege planretningslinjene synest sjeldan i styringsdokumenta til sentrale aktørar. Statlege utgreiingsprosessar løp forut for planprosessar og legg dermed premiss for lokalisering, seier forskar Gro Sandkjær Hanssen.

Vektlegginga av omsyna som ligg til grunn for SPR-BATP opp mot økonomiske og sektorbaserte interessa, kan då bli annleis enn den ville ha blitt dersom vedtaka kom som resultat av ein planprosess.

Statens roller som eigedomsforvaltar og leigetakar har stor betydning for å oppnå god arealutnytting i storbyane. Statleg eigendom forvaltast av en stor mengde statlege aktørar.

– Det er ikkje krav om rapportering på eigedomsforvaltinga, og det mangla også oversikt over kva staten eig og forvaltar. Dette gjer et fragmentert landskap, og det kan hindra god samordning og koordinering, seier Millstein.

Motsegn blir ikkje teke til følgje

Vidare påverkar Statens rolle som motsegnsmyndighet, storbykommunanes høve til å gjennomføre bærekraftig byutvikling. Dette gjelder særleg når storbyanes omlandskommunar vedtek planer om utbygging utanfor kollektivaksar og kollektivknutepunkt.

Forsker Sigrid Stokstad NIBR HiOA

SPR-BATP er definert som eit formelt motsegnsgrunnlag i plan- og bygningsloven, men den blir brukt i varierande grad av motsegnsmyndigheitene. I tillegg finn vi fleire døme på at motsegn med grunnlag i retningslinjene ikkje blir teke til følgje av departementet i siste instans.

Det er betydelige strukturelle utfordringar i det overordna rammeverket for byutviklingsavtalene. Manglande konsistens i styringssystemet som gjeld for statsforvaltinga inneber ein risiko for at omsynet til bærekraftig byutvikling ikkje blir godt nok ivaretatt i statlege vedtaksprosessar.

– Byutviklingsavtalene manglar juridisk bindande utslag, men gjennom forhandlingsprosessar og ved å inngå avtaler kan partane likevel bidra til å sikre at omsynet til bærekraftig byutvikling blir ivaretatt, seier forskar Sigrid Stokstad.

Et kunnskapsgrunnlag

Prosjektet blei initiert av de fem storkommunane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Kristiansand, og er finansiert av KS’ Program for storbyretta forsking.

Rapporten er meint som eit kunnskapsgrunnlag og eit innspel til dei pågåande forhandlingane om byutviklingsavtalen mellom staten og storbyområdane, og fokuserer på tre hovuddimensjonar:

  • Staten si rolle i den arealpolitiske forvaltninga.
  • Korleis statleg aktivitet og institusjonar sin arealbruk og lokalisering påverkar transportgenerering og i korleis grad det legg beslag på areal som kunne vore brukt meir formålstenleg.
  • Andre statlege aktivitetar og rammevilkår som kan påverke bærekraftig byutvikling.

Kartlegginga som har blitt gjennomført har tre hovudelement: eksisterande lokalisering av statleg verksemd i byane, eit utval døme på god og dårleg lokalisering av statleg verksemd, og ein gjennomgang av plansystemet og i korleis grad SPR-BATP er reflektert i diverse styringsdokumentar.

Kartlegginga synliggjer problemstillingar knytt til plansystemet, statlege utredningsprosessar, statleg eigedomsforvaltning og statlege val av lokalisering, som ikkje alltid følgjer statlege planretningslinjer eller vedtekne regionale planer.