meny
søk
English

NOVA-forskarar til offentleg utval og ekspertgruppe

Anders Bakken skal vere med i eit offentleg utval som skal sjå nærare på vidaregåande utdanning medan Ingunn Eriksen deltek i ei ekspertgruppe for å betre skulemiljøa i Noreg.

Publisert: Oppdatert:
Ingunn Eriksen og Anders Bakken

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal sjå nærare på vidaregåande opplæring. Dei skal mellom anna vurdere om strukturen og innhaldet i opplæringa gjev elevane dei beste føresetnadane for å lære og fullføre vidaregåande. Gruppa skal óg sjå på om opplæringa gjev elevane kompetansen dei treng for å delta i samfunnet.

Forskar og leiar av Ungdatasenteret ved HiOA, Anders Bakken, har takka ja til å sitje i utvalet.

– Det er snart 25 år sidan den siste store reforma i vidaregåande opplæring. Sidan den gong har det vore store endringar på arbeidsmarknaden, men også i ungdomskulturane, teknologien og i den demografiske samansetninga av ungdomskulla, fortel Bakken.

– Det blir spennande, utfordrande og meiningsfult å delta i utvalet og gje innspel til korleis vi kan utvikle skulesystemet for å møte samfunnsendringane på ein god måte.

Han håpar den vidaregåande opplæringa kan utvikle seg til å bli endå meir meiningsfylt og inkluderande arena for alle, der ungdom får sjansen til å utvikle seg som heile menneske i eit sosialt fellesskap.

Utvalet blir leia av tidlegare leiar i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied.

Les meir om utvalet

Ekspertgruppe om skulemiljø

Kunnskapsdepartementet har bede Utdanningsdirektoratet om å gjennomføre ei utgreiing om kva tiltak som eignar seg i ulike typar skulemiljøsaker. Dei skal også lage utkast til ein nettressurs med oversikt over kva som blir rekna som fagleg riktig, lovleg og eigna tiltak i ulike typar skulemiljøsaker.

Til å hjelpe seg har Utdanningsdirektoratet skipa til ei ekspertgruppe, og forskar Ingunn M. Eriksen har takka ja til å bidra i gruppa.

– Det ligg eit stort ansvar på tilsette i skulen om å ha tilstrekkeleg kompetanse til å handtere mobbing, ikkje minst no med den nye mobbeloven, seier Eriksen.

 – Eg sa ja til å sitje i gruppa fordi målsettinga er å skape ressursar for å hjelpe skulane i dette arbeidet. Det er eit konkret og viktig tiltak, og heilt grunnleggjande å basere seg på forskingsbasert kunnskap.

Ho håpar nettressursen blir ei god støtte når skular skal vurdere og prioritere eigna tiltak for å handtere psykososiale skulemiljøsaker.

Ingunn M. Eriksen skreiv rapporten Skolers arbeid med elevenes psykososiale miljø saman med Selma T. Lyng i 2015.