meny
søk
English

Nytt prosjekt om omskjering av gutar

NOVA med prosjektleiar Ada Engebrigtsen i spissen har fått nær 3 millionar frå Noregs forskingsråd for å evaluere innføringa av lov om rituell omskjering av gutar.

Publisert: Oppdatert:
Ada Engebrigtsen

Evalueringa skal avdekkje om loven om rituell omskjering av gutar (Lov-2014-06-40) fungerer etter intensjonen, kva som er rådande praksis når det gjeld rituell omskjering av gutar i Noreg i dag, og erfaringar helsevesenet og foreldre har med praksisen etter innføringa av loven. Forskarane skal studere erfaringar med og effektar av praktisering av loven frå 1. januar 2015 til slutten av 2020 både i helseføretaka og blant foreldre som har brukt tilbodet.

Hovudmålsettinga med evalueringa er å utvikle forskingsbasert kunnskap om, eller i kva grad, loven av 2015 om rituell omskjering av gutar fungerer etter formålet, og om føringane som loven gjev, blir fylgde (jfr. rammedokumentet).

Det var Forskingsrådet som lyste ut prosjektet gjennom HELSEVEL-programmet. I utlysinga la dei særleg vekt på barnas fysiske og psykiske sikkerheit og at tilbodet ikkje fortrenger annan nødvendig helsehjelp.

– Vi vil særleg undersøkje om foreldra opplever tilbodet som relevant, fortel Ada Engebrigtsen. – Det er svært viktig for om dei gjer seg nytte av tilbodet, og dermed om loven fungerer.

Utlysinga spesifiserer ei rekkje forskingsspørsmål som vil danne grunnlag for evalueringa. Forskarane vil bruke ein kombinasjon av kvalitative og kvantitative metodar.

Monica Five Aarset og Kristian Heggebø ved NOVA og Nora Stene ved Universitetet i Oslo skal samarbeide om prosjektet, med Ada I. Engebrigtsen som prosjektleiar.

Evalueringa har ei ramme på 2 795 000 kroner over 3 år.

For nærare informasjon, ta kontakt med Ada Engebrigtsen