meny
søk
English

Bestill, reserver og forny

Du finn sjølv fram bøker i hyllene. Det er berre om bøkene er utlånte eller om dei ikkje finst ved din studiestad (Pilestredet, Kjeller eller Sandvika), at du kan sende inn bestilling eller reservere.

Forny ditt lån - logg inn på Oria

Slik bestiller du

  1. Søk opp dokumentet i bibliotekbasen Oria.
  2. Er boka utlånt, kan du logge deg på i Oria (med same brukarnamn og passord som til Fronter eller Feide) og bestille ved å klikke på 'Finn og bestill' og deretter 'Bestill dokument'. Dersom boka ikkje finst ved nokon av HiOA-biblioteka, vel du fanen "Norske fagbibliotek" og søkjer etter boka der. Du kan då bestille boka på same måte som du bestiller ei bok som er utlånt.
  3. Du får beskjed via SMS når boka kan hentast. Har du bestilt ein artikkel, blir denne send til deg i posten (internpost til tilsette). Studentar frå Kjeller får SMS eller e-post (@student.hioa.no) når artikkelen kan hentast.

Tilsette: Ta kontakt med oss om du har problem med å logge på.

Fjernlån: Har du spørsmål som gjeld fjernlån, ta kontakt med biblioteket ved avdelinga di.

Eksterne lånarar: kan berre reservere HiOA sitt materiale, dvs. vi bestiller ikkje inn lån frå andre bibliotek.

Lån av AV-utstyr

Visste du at studentar og tilsette ved HiOA kan låne audiovisuelt utstyr til prosjekt? Lån AV-utstyr.

Fornye lån

  1. Logg på Oria øvst i høgre hjørne, klikk deretter på "Min konto".
  2. Hak av dei titlane du ønskjer å fornye, og klikk på «Forny valgte».
  3. Vent til Oria har stadfesta fornyinga, sjå status: «Fornyet».

Lån kan fornyast inntil 5 gonger dersom det ikkje er ei venteliste. Tidsskriftlån (Kjeller) kan ikkje fornyast. Lån frå andre bibliotek kan berre fornyast ved førespurnad til biblioteket ved di avdeling.

Påloggingsrettleiing til Oria - inkluderer også rettleiing for eksterne lånarar (PDF).

Tilsette: Ta kontakt med oss om du har problem med å logge på.

Bestille artiklar som ikkje finst ved HiOA

Merk: Artikkelkopiar kan berre bestillast om HiOA ikkje har artikkelen i trykt eller elektronisk form.

Bestilling via Oria

  1. Søk på artikkeltittelen i Oria.
  2. Om du ikkje får treff på artikkelen i Oria, kan du også prøve med eit søk på tidsskrifttittelen.
  3. Dersom tidsskriftet ikkje finst ved HiOA, klikk på fanen "Norske fagbibliotek" over søkjefeltet.
  4. Finn artikkelen du vil ha, i trefflista. Klikk på "Finn og bestill". Logg på Oria, og klikk deretter på "Be om bestilling fra annet bibliotek".
  5. Fyll ut flest mogleg av følgjande felt på bestillingsskjemaet: artikkeltittel, tidsskrifttittel, forfattar(ar), volum (årgang), (hefte-)nummer, sidetal og år.

Bestilling via fagdatabasar

  1. Søk opp artikkelen i vald database.
  2. Klikk på ikonet "@hioa" i trefflista.
  3. Klikk på Fulltekst-lenke om mogleg, viss fulltekst ikkje finst, klikkar du "Finn og bestill", og fyller ut bestillingsskjemaet. Bla deg deretter heilt ned på sida, og klikk på "Bestill dokument."
Læringssenter og bibliotek Publisert: Oppdatert: