meny
søk
English

Lånereglar

Lånekort

Du bruker studentkortet ditt som lånekort. Om du ikkje er student ved HiOA, kan du bruke nasjonalt lånekort, eller få lånekort ved å møte opp personleg med legitimasjon. Dersom du ikkje har med deg lånekort, må du vise fram ei anna form for legitimasjon.

Adresseendring
Har du skifta adresse, må du melde frå gjennom Studentweb.

Fjernstudentar

Om du studerer deltid samstundes som du bur utanfor Oslo eller Akershus, er du fjernstudent. Fjernstudentar som får sendt bøker frå biblioteket ved HiOA, eller som låner bøker direkte, må betale returen sjølv. Alternativet er å bruke fjernlån frå nærmaste folkebibliotek.

Fjernstudentar er ikkje unntatt den vanlege regelen om å returnere lånte bøker til innleveringsfrista.

Lånetid

Du er personleg ansvarleg for alt du låner, og for at du leverer innan frista. Få oversikt over låna dine og fristene ved å logge deg inn i Oria.

Bøker, studentoppgåver og liknande:

  • Kjeller og Pilestredet: tre veker
  • Sandvika: fire veker

Tidsskrift:

  • Kjeller: to veker

Filmar:

  • Kjeller: to veker
  • Pilestredet: ei veke

Musikk, lydbøker og audiovisuelt utstyr:

  • Pilestredet: ei veke

Purregebyr og erstatningskrav

Du får ei påminning på sms eller e-post to dagar før forfall. Du får ei ny påminning same dag som lånet forfell. Dersom du likevel ikkje leverer, vil du få eit siste varsel 14 dagar seinare saman med eit ikkje-refunderbart purregebyr på 50 kroner pr. lånte bok. Dette er siste varsel før lånet blir registrert som tapt og går til erstatningskrav.

Lånerettane dine er inndregne så lenge du har uteståande gebyr.

Gjeldande satsar for erstatningskrav:

  • Bøker: 700 kroner
  • Tidsskrift: 200 kroner
  • CD: 200 kroner
  • Filmar: 500 kroner
  • Materiale som er lånt inn frå andre bibliotek: satsar frå eigarbiblioteket

Du kan òg erstatte tapte bøker ved å kjøpe inn eit nytt eksemplar. Då slepp du å betale erstatningskrav. Erstatningseksemplaret skal vere nyeste utgåve av boka. Kontakt biblioteket for nærare avtale.

Her betaler du purregebyr

Her betaler du erstatningskrav

Læringssenter og bibliotek Publisert: Oppdatert: