meny
søk
English

Utlån av studio

TV-studio P48

Illustrasjonsfoto: TV-studio

«Frydenlys» er Medieseksjonen sitt TV-studio i 3.etg. i Pilestredet 48. Studioet er tilgjengeleg etter avtale for alle studentar og ansatte på HiOA. Det vil bli lagt enkelte restriksjonar på bruken, då noko av det tilgjengelege utstyret krever spesialkompetanse. Rommet er brukt som klasserom for Medier og kommunikasjon og vil difor være opptatt i undervisning og produksjonsperiodar. 

TV-studio dekkjer eit areal på 15x6 meter og er konstruert som eit spesialrom for foto og videoproduksjon. Studioet har lysgrid i taket for montering av studiolamper og kan på full kapasitet levere 18 000 watt frå tre stk. 6-kanals Okero dimmarar. Studioet har quartslamper frå 300 til 800watt (3200k) og er bestykka med faste dimbare taklyslamper med dagslystemperatur (5600k).

TV-studio har Molton blackbox på skinnetrekk samt kvit gardinhorisont og greenscreen.

Lyd-studio P48

"Frydenlyd" er medieseksjonen sitt opptaks/post-produksjonsstudio for lyd og lyddesign.

Studioet tilbyr avdelingar og utdanningar ved HiOA og eksterne oppdragsgivarar lydtenester som lydbøker, fleirsporsopptak, lydmix, video/film post-produksjon og mastring. Studioet nyttar Pro Tools HDX og D-Command.

Laris Bitanga Publisert: Oppdatert:

Kontakt oss:

E-post: medieseksjonen@hioa.no

Produksjoner:

HiOA Film