HiOA har blitt OsloMet – storbyuniversitetet. Les mer om hva det har å si for deg.

meny
søk
English

Fakultetsadministrasjonen for Fakultet for teknologi, kunst og design

Fakultetsadministrasjonen blir leidd av fakultetsdirektøren, og har tre seksjonar og ein stab. Seksjonane er delte inn etter oppgåver, og går på tvers av institutta.

Fakultetsdirektøren

Fakultetsdirektøren er leiar for den samla administrasjonen i Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD), og har personalansvar for seksjonssjefar og tilsette i staben.

Fakultetsdirektør: Maren Kristine Moen.

Fakultetsdirektørens stab

Arbeidsoppgåvene til staben er blant anna planlegging, koordinering og førebuing av saker for fakultetsleiinga og fakultetsrådet, kontakt med studentstyre og organisasjonar og informasjons- og kommunikasjonsarbeid. IT-støtte til teknologiinstitutta, og støtte til FoU er også organisert i staben til fakultetsdirektør.  

Seksjon for studieadministrasjon og internasjonalisering

Seksjon for studieadministrasjon og internasjonalisering har fakultetet sitt administrative arbeid med fag- og studieplanar, kvalitetssikring, internasjonalt arbeid, eksamen, Fronter, FS, undervisningsplanlegging (timeplanar), studentforvaltning, lokalt opptak og anna studieadministrativt arbeid.

Seksjonssjef: Jørund Støre Bergrem.

Seksjon for FoU

Seksjon for forsking og utvikling har ei nøkkelrolle i fakultetet si utvikling gjennom arbeid med forskarar og forskargrupper, utvikling og oppfølging av nytt ph.d.-program og administrasjon av forskingsprosjekt.

Seksjonssjef: Lene Bomann-Larsen

Seksjon for HR

Seksjonen har arbeidsoppgåvene rekruttering og tilsetting, HMS og generell personalforvaltning på fakultetet.

Seksjonssjef: Kjell Thorstensen.

Seksjon for økonomi

Seksjonen arbeider med budsjett, økonomistyring, regnskap og prosjektøkonomi på fakultetet.

Seksjonssjef: Susanne Skrimstad.

Publisert: Oppdatert:

Hvor er vi?

Administrasjonen held til i Pilestredet Park 33 (PP33) og Pilestredet 35 (P35) i Oslo, og i Kunnskapsveien 55 (KV55) på Kjeller. Det går fram av oversiktene over tilsette kvar dei ulike medarbeidarane held til.