HiOA har blitt OsloMet – storbyuniversitetet. Les mer om hva det har å si for deg.

meny
søk
English

Informasjonskapslar på Hioa.no

Ved å bruke Hioa.no samtykkjer du i at vi set informasjonskapslar/cookies i din nettlesar.

Kva er informasjonskapslar/cookies?

Cookies - også kalla informasjonskapslar - er små tekstfiler som blir lagra lokalt på datamaskina di, og er ein standard teknologi som nærast alle nettstader bruker.

Dei fleste nettlesarar (som til dømes Google Chrome, Safari og Internet Explorer) er stilt inn for automatisk å akseptere cookies, men du kan velje å endre desse innstillingane om du ønskjer. Gjer du dette kan det føre til at ikkje alle nettsider vil fungere optimalt.

Den reviderte ekomloven (paragraf 2-7b) krev at vi gir informasjon om korleis vi bruker informasjonskapslar på nettstaden. Så lenge vi har informert om kva cookies vi bruker,kva opplysningar som som blir handsama, føremålet med handsaminga og kven som handsamar informasjonen, er innstillinga i nettlesaren din nok for eit samtykke til at vi bruker cookies. Sjå nedst på denne sida om du ønskjer å trekkje tilbake samtykket ditt, eller endre innstillingane i nettlesaren din.

Kvifor bruker HiOA cookies?

HiOA bruker cookies til å generere statistikk for bruken av nettstaden, for å gjennomføre spørjingar om kva brukarane meiner om hioa.no og for å kunne tilby tilpassa annonsar (retargeting) på Google, Facebook og Twitter.

Statistikken er eit reiskap for å forbetre nettstaden vår, i tillegg til å vurdere effekten av marknadsføring på andre digitale plattformer. For kvar side som blir vist, blir følgjande opplysingar lagra på serverane våre:

  • Kva for ei side du ser på, kva side du kjem frå og kva for ei side du går til.
  • Om du har besøkt nettstaden vår tidlegare.
  • Dato og tidspunkt.
  • Kva for ein nettleser du brukar, og kva operativsystem du har.

IP-adressa di blir anonymisert, og kan ikkje bli knytt til din person. Adressa blir kun brukt til feilsøking ved systemfeil, og all trafikkdata blir sletta etter seks dagar.

Kva for cookies bruker HiOA?

Nettstaden bruker cookies frå Google, Espace (Sitetester), Siteimprove og eZ Publish:

Google Analytics

Google Analytics blir brukt til å analysere besøk vi får på nettstaden vår. Det blir gjort ved hjelp av følgjande cookies:

  • __utmz:  Gir oss informasjon om kvar du kjem frå når du landar på ei nettside hjå HiOA, til dømes frå ein søkemotor (Google, Bing etc.). Vi brukar Google Analytics både internt på nettstaden, i banner og bilete. Difor kan brukarane nokre gongar finne to cookies som heiter __utmz.
  • __utma:  Er ein cookie som gir oss informasjon om talet på gongar brukaren har vore inne på nettstaden vår. Vi nyttar __utma for å sjå kva for brukarar som besøker oss for første gong, og kva for brukara som har vore her fleire gonger.
  • __utmb og __utmc:  Viser oss kor lenge brukaren blir på nettstaden vår. __utmb og __utmc blir sletta med ein gang du forlèt nettsider tilhørande høgskolen.
  • __utmt:  Denne informasjonskapselen blir brukt til å avgrense datainnsamlinga frå nettstaden slik at ytinga ikkje blir påverka. Informasjonskapselen blir sletta etter ti minutt.
  • __utmv:  Dette er ein cookie som gjer det mogleg å kartleggje åtferd på nettstaden og ytinga til nettstaden.

Du kan velje bort cookies frå Google Analytics ved å  besøke Google sine nettsider.

Sitetestar

Dette er cookies som blir brukt i samband med ei spørjing vi gjennomfører på Hioa.no. Undersøkinga spør brukaren om kva han eller ho meiner om nettsidene våre, og kjem i form av ein popup-boks. Firmaet Espace Communication står bak dei tekniske aspekta, og grunnen til at vi bruker cookies i denne samanhengen er for å unngå at brukarar får opp spørjinga meir enn éin gong i kvartalet.

Spørjeundersøkinga identifiserer brukarane som unike, men samstundes som anonyme individ. Dette gjer at leverandøren kan halde styr på kor mange som besøker sidene.

Hioa.no brukar følgjande informasjonskapslar frå Sitetestar:

  • Sitester_Nth1750:  Denne blir brukt til å vise undersøkinga for, til dømes, kvar tredje besøkande. Den er i dag stilt inn på kvar besøkande. Informasjonskapselen blir lagra under økta inntil nettlesaren blir lukka .
  • Sitester_Referrer1750:  Blir brukt til å registrere sida du var på (på Hioa.no) før du kjem til sida som viser undersøkinga. Informasjonskapselen blir lagra under økta til nettlesaren blir lukka.
  • Sitester_ActiveUserId1750:  Denne nyttast til å avgjere om du er aktiv på nettstaden, slik at undersøkinga berre kjem opp hos brukarar som er aktive.
  • Sitester_DelayId1750:  Blir brukt til å sikre at undersøkinga kjem opp først når det har gått to minutt. Den blir sletta etter dette.
  • Sitester_ExposedDateTimeId:  Denne blir lagra når ein har fått opp undersøkinga slik at den ikke dukkar opp att før etter tre månader.

Siteimprove

Siteimprove er eit verktøy vi bruker for å forbetre kvaliteten på innhald på nettsidene våre (til dømes brotne lenkar, språk og universell utforming). Den har også ein analysemodul som brukar følgjande informasjonskapslar:

  • nmstat:  Denne informasjonskapselen inneheld ein tilfeldig generert ID som blir brukt til å kjenne att nettlesaren din når du les ei side. Den samlar statistikk om bruk av Hioa.no, som til dømes når brukaren sist besøkte nettstaden. Informasjonskapselen inneheld inga personleg informasjon og blir berre til nettanalyse.

eZ Publish

Publiseringssystemet hjå Hioa.no (eZ Publish) har ein informasjonskapsel som blir brukt i samband med marknadsføring:

  • _mauuid:  Informasjonskapselen gjer det mogleg for oss å setje opp heilautomatiserte, intelligente e-postkampanjar som tilpassar seg avhengig av bruksmønsteret til den enkelte mottakar. Den gir oss også høve til å setje i gang automatiske kampanjar til potensielle studentar som identifiserer seg mellom anna ved å abonnere på nyhetsbrev eller fylle ut kontaktskjema.

Tredjepartspørjingar

Tredjepartspørjingar (third party requests) er spørjing som er laga av ein brukar til ein ekstern tenesteleverandør, som til dømes annonsar også widgets frå sosiale medier. Sjølv om desse spørjingane ikkje set nokre cookies i nettlesaren din, kan dei framleis overføre informasjon til tredjeparten. Google Analytics arbeider til dømes gjennom tredjepartspørjingar.

Korleis fjernar eg cookies i min nettleser?

Har du fleire spørsmål om cookies?

Personvern på nett

Publisert: Oppdatert: