meny
søk
English

Samtidig etter si tid

Grimen-førelesinga er tenkt som ei årviss intellektuell markering og inspirasjonskjelde

Den 15. mars skal Jon Elster halde den første Grimen-førelesinga. Arrangementet er i regi av Senter for profesjonsstudiar der Harald Grimen var professor frå 2004. Fleire har vendt seg til SPS og teke til orde for tilsvarande initiativ. Andre har kanskje tenkt det same. For Grimen var engasjert av og i mange nettverk og institusjonar, og få har vel spela ei så omfemnande rolle som førelesar, rettleiar og tekstkommentator ved landets universitet og høgskular. Mange har hatt sin «Grimentime». Og det er ei merkverdig side ved det akademiske feltet – ikkje minst i humanvitskapane – dette at vi investerer så mykje i teksten, at når teksten vert møtt med kritisk respekt, skapar det eit samband med kommentatoren som viser utover akkurat denne teksten og denne timen – og utover det reint ordlege ved relasjonen.

Samd eller usamd

Før jul var eg innom eit seminar der eg møtte ein som hadde møtt Grimen ved slike høve. Han var positiv til initiativet, men verka negativt overraska over at Jon Elster skulle halde den første førelesinga. Sjølv kjende han Grimen best frå formidlinga og tolkinga hans av Charles Taylors filosofi, vedkomande var tydeleg skeptisk til Elster, og det verka som han meinte den eine utelukka den andre – også som interessefelt.

Reaksjonen kan sjåast som ein refleks av ein bestemt tendens i det norske akademiske feltet, tendensen til å vurdere intellektuelle posisjonar ut i frå kven ein er ”samd” eller ”usamd” med – til skilnad frå å vurdere dei ut i frå intellektuell klårleik, indre konsistens og produktive forskingsspørsmål. Denne type tenking sto Grimen fjernt frå, og det er symptomatisk for verksemda hans at to av dei siste artiklane han skreiv var om Robert Nozick og Michel Foucault – to filosofiske ytterpunkt både i form og innhald. Den intellektuelle spennvidda er, som Nils Gilje og Anders Molander sin artikkel i Nytt Norsk Tidsskrift 2/2011 viser, eit særdrag ved Grimens filosofiske virke. Blant dei Grimen var særleg oppteken av dei siste åra var Jon Elsters sosialteoretiske bidrag, og det var nettopp Elsters handlingsteori som var utgangspunktet i den siste boka hans Om tillit .

Vert ein tradisjon

Når Jon Elster har takka ja til å halde den første Grimen-førelesinga og nettopp valt Tillit og mistillit i institusjonsbygging som emne, kunne ikkje Grimen-førelesinga få ein betre opptakt.

For dette er den første Grimen-førelesinga, i det som er meint å verte ein tradisjon. Saman med familien og nære kollegaer av Grimen, vil SPS etablere eit Minnefond som skal gjere dette til ei årviss intellektuell markering og inspirasjonskjelde, med emne som speglar breidda i interesse- og arbeidsfeltet hans.

Halde oppe samtalen

Minnefond og førelesing har her ei særeigen, notidig tyding. Dei som skriv artiklar, kommenterer tekstar og held førelesingar der orda og implikasjonane av dei har verknadskraft utover si eiga tid, er av eit sjeldan slag: dei er samtidige etter si tid. Harald Grimen var av eit slikt slag, dei problemstillingane han arbeidde med og måten han nærma seg dei på er nærverande og framtidsretta. Slik inngår han i samtalen også i dag.

SPS vonar og trur at ei årleg Grimen-førelesing vil vere med å halde oppe denne samtalen.

Professor Jon Elster

Tillit og mistillit i institusjonsbygging.

  • Tid:  Torsdag 15. mars kl. 16.15
  • Stad:  S141, Pilestredet 48, Høgskulen i Oslo og Akershus
Oddgeir Osland Publisert: Oppdatert:

Les nyhetsbrevet vårt

Denne teksten er en del av SPS nyhetsbrev nr. 1 - 2012.

Les hele nyhetsbrevet her.

Klikk her for å abonnere på SPS Nyhetsbrev!