meny
søk
English

"Strid om tid" - Kvifor får vi kamp om arbeidstida? - Møte 26. sept kl 14 - 16

Vi har invitert innleiarar og debattantar med breitt kjennskap til temaet. NB NB Merk møtestaden: Pilestredet 46, rom PA308.

Tema

  • Arbeidstid stod sentralt i striden om regjeringa sine forslag til endringar i Arbeidsmiljølova i 2015. Ikkje før var endringane sette i verk, så blussa striden opp att då det regjeringsoppnemnde «Arbeidstidsutvalet» la fram innstillinga si tidlegare i år.
  • Er arbeidstid ei så grunnleggande interessemotsetning at det blir ein evig strid?

eller

  • Har vi kunnskap som kan gi grunnlag for felles løysingar?

Innleiarar

Ingeborg Moen Bergerud - advokat, med arbeidsrett som spesialområde, partner i advokatfirmaet Arntzen de Besche. Leiar for Arbeidslivslovsutvalet (2004),  medlem i arbeidstidsutvalet (2016).

Ebba Wergeland - lege, forskar og spesialist i arbeidsmedisin, forfattar og debattant. Ho har sin yrkesbakgrunn m.a. frå Arbeidstilsynet.

Debattantar

Solveig Kopperstad Bratseth, nestleiar i Unio og i Norsk sykepleierforbund.

Anne Turid Wikdahl, arbeidslivsdirektør i Spekter -  utgår. Vi har fått inn  avdelingsdirektør Anne-Cathrine Hjeraas fra KS i staden.

Påmelding, helst innan fredag 23. september.

V E L K O M M E N!

Solveig Hæreid Publisert: Oppdatert: