meny
søk
English

Fylkesmannens rolle i busetting av flyktningar

Evaluering av eit forsøksprosjekt

Forfatter(e): NIBR-rapport 2017:7

Last ned gratis

Sommaren 2015 sat mange flyktningar i norske mottak og venta på busetting i kommunar. Styresmaktene ønskte å få ned ventetida, og gjekk inn for eit forsøksprosjekt i Hordaland og Østfold der Fylkesmannen skulle medverke til auka og raskare busetting. Rapporten er ei følgjeevaluering av forsøket, og konkluderer med at Fylkesmannens medverknad førte til auka busetting i kommunane. Samstundes vart forsøket gjennomført i ei tid med store endringar og auka tilstrøyming av flyktningar. Og dette er med på å gjere vanskeleg å slå fast at forsøket åleine er det som førte til auka busetting i kommunane.

Prosjektet «Følgjeevaluering: Forsøk med busetting av flyktningar i regi av fylkesmannsembeta i Hordaland og Østfold (2015-2016)» er gjennomført på oppdrag av Justis- og beredskapsdepartementet av By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA). Forskarteamet har vore Sigrid Skålnes, Berit Aasen, Daniel Rauhut og Susanne Søholt. Sigrid Skålnes, statsvitar har vore prosjektleiar, og har saman med Berit Aasen, sosiolog, gjort storparten av arbeidet med rapporten.

Utgivelsesår:

2017

Antall sider:

124

ISBN:

978-82-8309-165-6 (Trykt) / 978-82-8309-166-3 (Elektronisk)

ISSN:

1502-9794

Publikasjonstype:

Rapport

Publisert:

Oslo: By- og regionforskningsinstituttet NIBR, Høgskolen i Oslo og Akershus

Tilknyttet prosjekt