meny
søk
English

Utfyllande om dei enkelte forbruksområda

Her kan du sjå kva dei ulike postane på budsjettet inneheld.

Mat og drikke

Budsjettposten dekker det totale daglege behovet for mat- og drikkevarer for ulike aldersgrupper (varierer med alder og kjønn). Det blir føresett moderat aktivitetsnivå ved berekning av matevaremengder og at all mat blir laga heime (ingen "utemåltid"). Budsjettet er basert på vanleg norsk mat, tradisjonelt måltidsmønster og matvareforbruk, med innslag av nyare typar matvarer. Det er utarbeida ein meny som både tar omsyn til behovet for variert og god mat og til ernæringsmyndigheitenes tilrådingar for eit forsvarleg kosthald. Budsjettet gir rom for brus og bollar, men ikkje sjokolade, chips osv. Det er ikkje rekna med at ein sjølv utfører nokon særleg grad av aktivitetar som baking, sylting osv. 

Når det gjeld budsjettposten Mat og drikke for barn ½-1 år, bygger den på ein særskilt vekemeny der ein går ut i frå eit energibehov hos barn på om lag 10-11 månader. Det er rekna inn at barnet blir amma, og at det i hovudsak et delar av same type middagsmat og brødmat/frukt som dei andre i hushaldet. Industriframstilte grautprodukt inngår i menyen, men berre avgrensa mengder av andre typiske barnematprodukt. Dersom barnet ikkje blir amma og er avhengig av morsmjølkerstatning, eller det blir nytta mykje industriframstilt barnemat, vil budsjettposten auke betrakteleg. Budsjettposten må sjåast i samanheng med den for ammande / ikkje ammande kvinner.

Klede og sko

Budsjettet skal dekke behovet for eit heilt år og ta omsyn til årstidsvariasjon, dessutan klede for vanlege sports- og fritidsaktivitetar og til formelle høve. Det er tatt omsyn til at barn og ungdom i vekst skal ha klede med riktig passform, og det blir i utgangspunktet ikkje rekna med arv av klede og sko, eller eigen innsats som søm, strikking osv. Varene som dannar grunnlag for berekningane held enkel, god kvalitet og låg pris.

Helse og hygiene

Budsjettposten skal dekke utgifter til personleg pleie, som såpe, enkel tannpleie, avgrensa mengde kosmetikk, frisør, barbersaker, bleier m.m. Eit tannlegeettersyn per år inngår og.

Leik og mediebruk (individ)

Budsjettposten omfattar leiker til barn, syklar, sportsutstyr, bøker, dataspel, kino, teater osv. Budsjettet gir rom for deltaking i enkle fritidsaktivitetar, inklusive medlemskap i frivillige organisasjonar. Budsjettet reknar i utgangspunktet ikkje med arv av fritidsutstyr. Utgifter til kjøp og bruk av smarttelefon, med blant anna moglegheit for å spele musikk, er med i alle aldersgrupper frå 10 år. 

Andre daglegvarer

Denne budsjettposten omfattar papirvarer, vask/reingjeringsartiklar og varer som lyspærer, batteri, blyantar, plaster osv.

Hushaldsartiklar

I budsjettposten inngår kvitevarer, kjøkkenutstyr, dekketøy, reingjeringsutstyr etc., samt hushaldstekstilar som sengeklede, handklede og gardiner osv.

Mediebruk og fritid (hushald)

Budsjettposten omfattar utgifter til Internett, stasjonær pc, samt berbar pc for hushald med 3 eller fleire personar, kanalpakke til TV, TV-lisens, moglegheit til å spele musikk og digitale spill o.a. Her ligg også utgifter til noe fritidsutstyr som er knytt til hushaldet. Også kjøp av aviser og ein enkel innbuforsikring ligg inne i denne budsjettposten. 

Bilkostnader

Budsjettposten dekker driftsutgifter, inkludert forsikring og årsavgift, for respektivt 10.000 og 15.000 km pr. år. Avskrivingar er ikkje med. Berekningane er gjort på grunnlag av retningslinjer frå Opplysningsrådet for Vegtrafikken. Utgifter til bompassering er inkludert frå og med 2015. Det blir rekna med bruk av kollektivtransport til og frå arbeidsstad.

Spedbarnsutstyr

Budsjettposten er delt i respektivt grunnutrusting og supplering. I grunnutrustinga inngår utstyr som eit barn treng frå det er fødd, t.d. seng, sengeklede, vogn, berebag, tåteflasker osv. Her inngår og klede som er rekna for dei aller første månadene. NB! Kostnadane er her berekna per månad i 6 månader før venta fødsel.

I tillegg til det utstyret som er naudsynt allereie frå fødselen av, er det behov for supplering i løpet av barnet sitt første leveår (t.d. trille, bilsete, barnestol, barnebestikk). Kostnadane for dette er berekna per månad i heile det første leveåret.

Barnehage/SFO

Det blir kravd betaling berre for den tida barnet er i barnehagen/SFO. Med ein månads ferie vil utgifter til barnehage/SFO på årsbasis bli 11 gonger månadsbeløpet. Kalkulatoren på SIFO si nettside bereknar utgiftene i ein normalmånad (ikkje feriemånad).

Barnehageutgiftene er gitt utan det tillegget på 115 kroner pr. barn som utgjer matutgiftene i barnehagen. Denne utgifta er dekt opp i budsjettposten Mat og drikke for barn som går i barnehage. I dømet vises berre maksimalprisen som betales av hushald med en brutto hushaldsinntekt på over 500 500 kroner. For hushald med ein brutto hushaldsinntekt under dette beløpet er betalinga maks 6 prosent av inntekta.

Kalkulatoren på SIFOs nettside tar omsyn til dette.

SIFO Publisert: Oppdatert: