meny
søk
English

Vår historie

HiOA vart etablert 1.august 2011 som den største høgskolen i landet, 17 år etter tanken om ein høgskole for regionen oppstod under høgskolereforma i 1994.

Høgskolen i Oslo og Akershus er eineståande i nasjonal samanheng gjennom dei mange profesjonsutdanningane vi gir, nærleiken til praksisfelta og mogligheitene til fordjuping på både master- og ph.d.-nivå.

Samling og styrking

Vår historie bygger på fleire fusjonsprosessar og har tradisjonar fleire hundre år bak i tid. Nokre av HiOAs utdanningar har eksistert som utdanningsinstitusjonar i over 100 år. Blant anna gjeld det ingeniør- lærer- og sjukepleiarutdanningane.

Utdanningane vi i dag gir ved Høgskolen i Oslo og Akershus var frå slutten av 1970-årene og fram til 1994 fordelt på en rekke høgskular. 1. august 1994 vart Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus oppretta.

Dei høgskulane som i 1994 fantes i Akershus vart samla i Høgskolen i Akershus. I tillegg vart også Statens yrkespedagogiske høgskole, som midlertidig var flytta til Bygdøy, ein del av Høgskolen i Akershus. Dei resterande 13 høgskulane i regionen, som og omfatta utdanningane ved Bislet høgskolesenter, vart en del av Høgskolen i Oslo.

Frå dei to høgskulane vart etablert i 1994 har dei, på kvar sin kant, arbeidd for samling og styrking av verksemda, både faglig og administrativt. Samling innafor ramma av eit bygg eller ein campus har vore eit viktig mål i dette arbeidet. Nye studieplassar har økt studiekapasiteten ved begge høgskulane. Kvaliteten på utdanningane har gjort at utdanningane har hatt eit godt omdøme, og rekruttering av studentar har vore god. FoU-arbeidet har vidare fått eit omfang og ein kvalitet som har gjort det mulig å etablere høgare gradsstudier ved begge høgskulane.

Framtidige utfordringar

Høgskolen i Oslo og Akershus har som mål å bli eit ledande universitet i Norden med en profesjonsretta profil.

HiO og HiAk var lokalisert i ein region som har nær ein fjerdedel av befolkninga i landet. Det er dessutan den regionen i landet som veks mest, og veksten er særlig stor i den gruppa som vil søkje høgare utdanning. Dette er vekst som vil vare i Oslo og Akershus fram mot 2025, og vil gi auka behov for nye studieplassar. HiOAs mål er å bidra sterkere enn tidligere til utvikling av denne re­gionen.

Samstundes skaper ei vekst i befolkninga større behov for kvalifisert arbeidskraft. I årene framover vil det bli naudsynt for helse- og sosialpersonell, lærarar, førskolelærarar og andre. I tillegg vil næringsliv og kommunar ha behov for auka tilgang på ingeniørar. Høgskulane har eit samfunnsansvar for å sikre tilførsel på slik arbeidskraft, og det må skje gjennom en betydelig auking i talet på studieplasser i Oslo og Akershus.

Kvalifikasjonskrava i dei enkelte yrka og profesjonar blir endra, og dette må utdanningane speile. Lærerutdanninga står framfor store krav om fornying som gjer betydelige omstillingar naudsynt.  Dette gjeld fleire utdanningar. Det er ikkje berre behov for fleire yrkesutøvarar innan helsesektoren, men også krav om ny kompetanse, med tanke på utfordringane innan eldreomsorga. Gjennom breiare samarbeid og større fagmiljø aukar høgskolane sine mogligheiter til å møte desse utfordringane.

Håkon Øksnevad Publisert: Oppdatert: