HiOA har blitt OsloMet – storbyuniversitetet. Les mer om hva det har å si for deg.

meny
søk
English
Norsk 1 (oppdrag)

Norsk 1 for 5.-10. trinn (Kompetanse for kvalitet)

Mål for studiet er å gjere lærarar i stand til å møte norskfaglege utfordringar i eit fleirkulturelt og multimedialt samfunn. Det er retta mot undervisning på mellom- og ungdomssteget. Samanhengen mellom teoretisk fagstoff, didaktisk refleksjon og praksisaktivitetar står sentralt.

Om studiet

Studiet gjev ei fagdidaktisk tilnærming til sentrale emne i tekstfaget norsk: skjønnlitteratur, sakprosa, læreboktekstar, språkkunnskap, vidaregåande lese- og skriveopplæring, mappe som arbeids- og vurderingsform, anna form for vurdering og IKT som reiskap i norskfaget. Tilpassa opplæring og den fleirkulturelle skolen er eit gjennomgåande perspektiv i faget.

Les mer om innhold og organisering.

Studentane skal ta i bruk varierte arbeidsmåtar og setje seg godt inn i læreplanen og kompetansemåla for norskfaget. Dei skal lære å analysere, vurdere og formulere faglege og metodiske problemstillingar. I studiet skal studentane lære å evaluere arbeida til kvarandre og eigne arbeid og prestasjonar. Dei vert oppmuntra til å drøfte vurderingskriterium og premissar for responsarbeid i studiet og i eigen praksis. Vurdering er eit sentralt emne, og studiet føreset utprøving av ulike vurderingsmåtar knytte til arbeidskrava både i litteratur og språk.

Arbeidskrava føreset ei veksling mellom arbeid med eigne elevar på mellom- og ungdomssteget og ein refleksjon over denne praksisen gjennom diskusjonar, notat og rapportar på høgskulen. I Emne 1 ligg hovudvekta på arbeid med skriftlege elevtekstar og vurdering saman med språklege emne. I Emne 2 får arbeid med skjønnlitteratur og munnleg dugleik ein sentral plass i tillegg til språknormering, nynorskdidaktikk og eiga skriving.

Organisering

Studiet er nettbasert med samlingar på campus og går over eitt år. Det er delt i to emne à 15 studiepoeng med avsluttande eksamen i kvart emne. Det er tre samlingar i første emne og tre samlingar i andre emne. Kvar samling går over to dagar. Vi gjør oppmerksom på det ikke er høst- eller vinterferie ved høgskolen og at det derfor kan være det bli lagt opp til undervisning også i disse ukene. Dager og datoer for samlinger vil bli publisert så snart det er klart.

Deltakarane arbeider med didaktiske oppgåver til fagstoffet mellom samlingane. Oppgåvene knyter saman teoretisk fagstoff, didaktisk refleksjon og praksisaktivitetar i klasserommet. I tillegg til undervisning blir samlingane brukt til erfaringsdeling med utgangspunkt i praksisopplegg deltakarane gjennomfører i eigen klasse.   Deltakarane arbeider i faste grupper gjennom heile studiet. Gruppene støttar kvarandre i arbeidet, utvekslar erfaringar på nettet og kommenterer oppgåver. Nokre arbeidskrav er knytte til gruppearbeid.

Dialogen mellom student og lærar, oppgåveinnleveringar, faglege ressursar og individuell oppfølging frå lærar skjer i nettbasert forum. Studiet gjev tilbod om grunnleggjande bruk av IKT.

Lukk

Søknad og opptak

Søknadsfrist

Søknadsprosessen er todelt. Det må  søkast til Utdanningsdirektoratet (Udir) med søknadsfrist 1. mars 2018. Deretter skal prioriterte søkjarar søke opptak ved OsloMet. Søkjarar som er prioritert for studieplass ved OsloMet av Udir vil få e-post med informasjon om opptak og søknadsfrist.

Opptakskrav

Studieplassane er reserverte for søkjarar som er prioritert av Utdanningsdirektoratet gjennom strategien Kompetanse for kvalitet.

Opptakskrav er bestått lærarutdanning. Studentar som får studieplass, Studentar som får studieplass, må vere i arbeid som lærar eller ha kontakt med ein skole der det er mogleg å aktivt ta del i norskundervisning for 5.-10. trinn. Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvikast dersom søkjaren berre manglar faget ho/han søkjer på, for å fullføre lærarutdanninga si.

Dersom ein søker dispensasjon frå opptakskravet, må det ligge føre ei stadfesting frå tidlegare studiestad om at
studieprogrammet det vert søkt opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

Søkjarar med utanlandsk lærarutdanning lyt få denne godkjend av Utdanningsdirektoratet. Sjå  www.udir.no for meir informasjon om godkjenning av utanlandsk utdanning.

Søkjarar med utanlandsk bakgrunn må dokumentere norsk- og engelskkompetanse som oppfyller krava for generell studiekompetanse.

Studieinformasjon

Fakta

Norsk 1 for 5.-10. trinn Høst 2018 30 1 år, deltid, samlingsbasert Pilestredet, Oslo Norsk Semesteravgift: 600 kroner.

Mer om studiet

Er du tatt opp som student? Her finner du informasjon om studiestart og samlinger:

Vi gjør oppmerksom på at undervisningen kan begynne allerede i uke 31, og vil i noen tilfeller kunne kollidere med skolenes planleggingsdager eller høst- og vinterferie.

Kontakt

Faglig:  Pål Lundberg

Administrativ: Kaja Kristin Ahlgreen

Publisert: Oppdatert: