HiOA har blitt OsloMet – storbyuniversitetet. Les mer om hva det har å si for deg.

meny
søk
English
Norsk 2 (oppdrag)

Norsk 2 for 1.-7. trinn

Formålet med norskfaget er å gi studentane høve til å vidareutvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for norskopplæring i grunnskolen. Studentane får ei utvida, forskingsbasert innsikt i norsk språk-, tekst- og litteraturvitskap.

Om studiet

Arbeidet har også eit allmenndannande siktemål. Studiet skal sikre eit vekselspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring, studentane sitt eige arbeid med språk og tekstar og didaktisk refleksjon. Studentane møter kulturarven og moderne tekstar i form av skjønnlitteratur og sakprosa, og dei blir utfordra til å drøfte og reflektere omkring identitet og fellesskap, etikk og verdiformidling i eit fleirkulturelt samfunn. 

Les mer om innhold og organisering.

Faglege hovudemne

  • Norsk som identitets- og danningsfag.
  • Litteratur, særleg barne- og ungdomslitteratur.
  • Litteratur-, tekst- og biletanalyse.
  • Lesing og skriving.
  • Vurdering og kartlegging.
  • Språkhistorie.
  • Språkkunnskap.
  • Munnlegheit.

Målgruppe 

Målgruppa er lærarar i grunnskolens 1.-7. trinn som ønsker fordjuping i faget.

Utdrag fra læringsutbyttebeskrivingane

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
  • har kunnskapar om språklege endringsprosessar, i fortid og samtid, om normeringsspørsmål i moderne norsk og om sentrale kjenneteikn ved norske dialektar
  • har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • har utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
  • har litteraturhistorisk oversikt, kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og kjennskap til teoriar om samansette tekstar
  • har kunnskap om kva som skjer når ein barnelitterær tekst blir overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)

Ferdigheiter

Studenten

  • kan organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for 1. til 7. trinn etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
  • kan bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen
  • kan vurdere og reflektere omkring ulike slags prøver i lesing og skriving og nytte resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane
  • kan leggje til rette for den munnlege språkutviklinga til elevane
  • kan rettleie i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kan samanlikne tekstar skrivne for barn med omsyn til innhald, form og funksjon
  • kan setje sentrale norske tekstar inn i ein historisk samanheng, tolke dei og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
  • kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng

Generell kompetanse

Studenten

  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
  • har eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring

Undervisning (studiebelastning per uke)

Kurset har normalt to økter á tre timer undervisning per uke.

Lukk

Søknad og opptak

Søknadsfrist

Studiet vil ikke bli lyst ut i 2018.

Opptakskrav

Bestått lærerutdanning som kvalifiserer for arbeid i skolen. I tillegg er det krav om bestått Norsk 1 (30 studiepoeng) i grunnskolelærarutdanning for 1.-7. trinn (ev. Norsk 1 fra allmennlærerutdanningen).

Studieinformasjon

Fakta

Norsk 2 for 1.-7. trinn Høst (ikke høst 2018) 30 stp. 1 år Pilestredet, Oslo Norsk

Semesteravgift (student.oslomet.no)
Denne består av en semesteravgift til Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) og kopiavgift.

I tillegg til semesteravgift kommer en studieavgift på 7500,00 kroner per semester.

Mer om studiet

Er du tatt opp som student? Gå inn på  student.oslomet.no  for mer informasjon.

Kontakt

Faglig:  Mette Elisabeth Nergård

Administrativ:  opptak-lui@oslomet.no 

Publisert: Oppdatert: