HiOA har blitt OsloMet – storbyuniversitetet. Les mer om hva det har å si for deg.

meny
søk
English
Revisjonsfag

Rekneskap og revisjon (rekneskapsførar)

Revisorar arbeider med rekneskapskontroll for verksemder eller som rådgjevarar innan økonomi og administrasjon.

Om studiet

Det første studieåret på Handelshøgskolen ved HiOA omfattar blant anna bedriftsøkonomisk analyse med IKT, makroøkonomi og offentleg økonomi, mikroøkonomi, statistikk, matematikk og rettslære for revisorar.

Endring i kravet for å bli revisor

I dag kan du søkje Finanstilsynet om tittelen registrert revisor med bachelorgrad i rekneskap og revisjon når du har godkjend praksis og andre krav er innfridde. Tilsvarande ordning finst for rekneskapsførarar. Desse reglane er for tida til revidering for alle norske rekneskapsførar- og revisjonsutdanningar. For rekneskapsførarar vil sannsynlegvis utdanningskravet framleis vere på bachelornivå, mens det truleg vil komme krav om masterutdanning for å bli revisor. Handelshøgskolen ved HiOA vil derfor tilby eit masterstudium i rekneskap og revisjon frå hausten 2019, som vil kvalifisere både for revisortittel og siviløkonomtittel. Frå opptaket hausten 2018 vil vi derfor ikkje lenger tilby bachelorstudiet i rekneskap og revisjon. I staden vil vi tilby ein profil i rekneskapsførarfag i vår bachelor i økonomi og administrasjon. Bachelorstudiet i økonomi og administrasjon med profil i rekneskapsførarfag vil kvalifisere for rekneskapsførartittel og opptak på masterstudium som det nye 2-årige masterstudiet i rekneskap og revisjon.

Denne nettsida vil bli oppdatert med meir informasjon om krava for å bli revisor og rekneskapsførar så snart dei nye reglane er klare.

Les mer om innhold og organisering.

I dei to første studieåra følgjer studiet i hovudsak same studieplan som det generelle bachelorstudiet i økonomi og administrasjonsfag, med fag innan bedriftsøkonomi og rekneskap, investering, metode, samfunnsøkonomi og organisasjon/strategi/marknadsføring. I det tredje studieåret vil dei som vel profil i rekneskapsførarfag ha emne i fagområda rekneskap og budsjettering i offentleg sektor, verdsetjing, rekneskapsføraryrket, revisjon, skatterett, årsrekneskap og god rekneskapsskikk og rekneskapsorganisering. Endeleg samansetjing av emne er ikkje klar før den reviderte lova for rekneskapsførarar er klar.

I det første semesteret får du tilbod om forkurs i matematikk. Studentar som ikkje har kunnskapar tilsvarande matematikk R1/(S1+S2), blir tilrådde å følgje dette forkurset.

Studiet har faste førelesarar frå norske og internasjonale konsulentbyrå innan revisjon. Studentane arrangerer i tillegg fagdagar med profilerte gjesteførelesarar.

Lukk

Søknad og opptak

Søknadsfrist

15. april - ordinær søknadsfrist.
1. mars - søknadsfrist for enkelte søkergrupper, se nettsidene til Samordna opptak.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær kvote: 49.6
Kvote for førstegangsvitnemål: 43.7

Opptakskrav

Generell studiekompetanse / realkompetanse.

Du søker opptak til bachelorprogrammet i økonomi og administrasjon. Fra tredje studieår har du profilfag i profilen du har valgt.

Søk med studiekode

215 369

Studieinformasjon

Fakta

Bachelorstudium i økonomi og administrasjon, profil i rekneskapsførarfag 14. august 2018 180 3 år, heltid Pilestredet, Oslo Norsk 180

Semesteravgift (student.hioa.no)

Denne består av en semesteravgift til Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) og kopiavgift.

Mer om studiet

Er du tatt opp som student? Gå inn på student.hioa.no for mer informasjon. Her finner også alt om studiestart for ditt studium.

Kontakt

Administrativ: SAM-infosenter

Jobbmuligheter

Om du studerer revisjonsfag, kan du bli revisormedarbeidar i revisjonsselskap, der oppgåvene går ut på å kontrollere at verksemder følgjer lover og forskrifter og rapporterer rett.

Les mer om jobbmuligheter

Som revisor går du gjennom årsoppgjer og rekneskap for å kunne vurdere om dette er i orden.

Revisorstudiet er, ved sida av å vere eit profesjonsstudium, også ei god generell utdanning som opnar for ein variert karriere med gode moglegheiter for å gå over i leiande stillingar, både i offentleg og privat verksemd.

Revisorar blir også i stor grad nytta til rådgjeving på områda økonomi, rekneskap, skatt og omorganisering. Utdanninga gjer deg eigna til å arbeide med økonomistyring, budsjett og rekneskap i ei økonomiavdeling, eller som ein controllar som sikrar at dei økonomiske sidene ved drifta blir ivaretekne.

Etter nokre år innan revisjonsfaget går mange vidare i stillingar som rekneskapssjef eller økonomisjef i privat eller offentleg sektor.

Revisorstudentane arrangerer årlege karrieredagar kvar haust.

HiOA hjelper deg med å bli karriereklar.

Lukk
Carl Øyvind Borgenheim portrett, sitter på en benk med ryggen mot en vegg

Fornøyd med å studere regnskap og revisjon

Carl tok i fjor tredjeplass i NM i økonomi.

Ti tips til studiesøkere

Usikker på hva du skal studere?

Publisert: Oppdatert: