HiOA har blitt OsloMet – storbyuniversitetet. Les mer om hva det har å si for deg.

meny
søk
English

MJ4200 Videojournalistikk

Innleiing

Lite og lett utstyr har ført til at ein har fått videojournalisten (VJ), der ein person både skal vere journalist, videofotograf og redigerer. At ein person skal kunne gjere dette åleine, er både spennande og ei stor utfordring: Ein skal arbeide journalistisk med dei forteljartekniske moglegheitene som ligg i å bruke videokamera, intervju og redigering. Sjangerene VJ-en arbeider innanfor er også i sterk utvikling med nye digitale plattformer, og her ligg mykje spennande forsknings- og utviklingsarbeid innan videojournalistikken.

Opptakskrav ved enkeltemneopptak

For personer som søker opptak til enkeltemne er grunnlaget enten en bachelorgrad, en cand.mag.-grad eller tilsvarande. Gjennomsnittskarakteren for de eksamenar som inngår i det faglige grunnlaget må være C eller bedre, jamfør forskrift om opptak til studier ved Høgskolen i Oslo og Akershus .

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne skal studenten ha oppnådd følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • kan analysere VJ-innslag og nyheitsreportasjar for fjernsyn og internett
  • har avansert kunnskap om dramaturgi og strukturering av innslag for fjernsyn og internett.
  • har inngåande kunnskap om videojournalistiske forteljinga og webkringkasting innan for nye digitale plattformer
  • har avansert kunnskap om drøfting av VJ-innslag, samt analyse og refleksjon kring korleis desse innslaga kan representerer verkelegheita

Ferdigheiter

Studenten

  • kan jobbe sjølvstendig som videojournalist
  • kan filme og redigere VJ-innslag og nyheitsreportasjar for fjernsyn og internett
  • kan gjennomføre gode intervju som videojournalist
  • meistrar forteljarteknikk, bildekomposisjonar og redigeringsteknikkar innan ulike nye digitale plattformer
  • kan analysere og ha ei kritisk tilnærming til intervjuteknikk, kamerateknikk, billedkomposisjonar og redigeringsteknikkar

Generell kompetanse

Studenten

  • har avansert kompetanse innan presentasjon både av akademisk og journalistisk materiale
  • kan nytta kunnskapane og ferdigheitene sine på nye område, også innan videojournalistikken
  • kan nytta journalistiske ferdigheiter gjennom analysearbeid og eigen praksis

Innhald

Studentane skal få innsikt i

  • forteljartekniske moglegheiter med videokamera og redigering
  • praktisk produksjon
  • teori til å arbeide journalistisk med videokamera 

Arbeidskrav

Arbeidskravet er sett saman av eit videoinnslag for fjernsyn eller nett (på inntil fem minutt) laga som videojournalistikk, samt ein metoderapport på fire til seks sider. Dette arbeidet må vere levert og godkjend før studenten kan gå opp til eksamen.

Studenten kan få inntil tre forsøk på å få arbeidskravet godkjend. Dersom studenten ikkje gjennomfører arbeidskravet mister studenten retten til å gå opp til eksamen.

Vurderingsform og sensorordning. Vurderingsuttrykk

Eit videoinnslag for fjernsyn eller nett (på inntil fem minutt) laga som videojournalistikk og eit refleksjonsnotat på mellom 10 til 15 sider, i 12 punkt Times New Roman og 1,5 linjeavstand.

Refleksjonsnotatet skal vere knytt til eit aktuelt tema innan videojournalistens arbeid og til videoinnslaget. Karakteren vert sett etter ei samla vurdering.

Det gis karakter etter ein skala frå A-F, der E er lågaste beståtte karakter. Vurderingskommisjonen består av ekstern og intern sensor. Kandidatar som ikkje står eller har gyldig fråvær til ordinær eksamen, kan levere ein omarbeidd versjon til ny/utsett eksamen.

Pensumliste

Under revisjon

  • Bernard, Sheila Curran (2010):  Documentary Storytelling: Creative Nonfiction on Screen . 4th edition. 2016 (386 sider). Focal Press.
  • Frederiksen, Kristian (2009): Alene Med Et Kamera, revidert 4 . Udgave 2012 (312 sider). Forlaget Ajour.
  • Kobre, Kenneth (2012):  Videojournalism: Multimedia (272 sider). Focal Press.

Totalt 988 sider.

(Pensumliste ajour: August 2016)

Om emnet

Video Journalism Masterstudium i journalistikk 10 stp. Annenhver høst eller vår Norsk 2017

Søk på enkeltemne

Du kan søke opptak til enkeltemne utan å vere tatt opp ved masterprogrammet.  Les mer om opptaket og hvordan du kan søke opptak.

Søk opptak

Bachelorgrad eller tilsvarande.  Søker må ha karaktersnitt C eller bedre i det faglige grunnlaget for opptak, jamfør forskrift om opptak til studier ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

Det leggast opp til stor grad av sjølvstendig arbeid med filming og redigering. Kort opplæring i kamera (som kan lånes) samt redigeringsprogrammet Final Cut X vil bli gitt i første kursuke. 

27. august Pilestredet 840 kr.
Publisert: Oppdatert: