Studentliv illustrasjon

Drakt og samfunn 1

Kunnskap om den tradisjonelle draktbruken i ulike distrikt dannar grunnlaget for vidare innføring i dei ulike formene for fornying av drakttradisjonane som har funnet stad gjennom bunadsrørsla i det 20. hundreåret. Studiet omfattar både ei innføring i ulike drakthistoriske emne og i generelle kulturelle og samfunnsmessige høve, frå det førindustrielle til det industrialiserte samfunnet.


Studieinnhold

Studentane skal skaffe seg ei heilskapeleg forståing av ulike sider ved emnet drakt, og øvast opp i ulike metodar for analyse og dokumentasjon. Sentralt står kjeldekritisk vurdering og tolking med kombinasjon av ulike typar kjelder. Det vil bli gitt ei enkel innføring i ulike handverksteknikkar knytt til folkedraktene, som gjev studentane grunnlag for å vurdera det eldre draktmateriale.
Studiet vert arrangert i samarbeid med Norsk institutt for bunad og folkedrakt på Fagernes, som er eit nasjonalt kompetansesenter. Instituttet driv med dokumentasjon, forsking og formidling av folkedrakt og bunad, og dets mål er å fremje kunnskap om folkedrakt og bunad som kulturuttrykk, og bruk og tilverking av desse drakttypane.

Studiet består av tre hovudområde:
Hovudområde 1) Folkedraktkunnskap
Hovudområde 2) Kjelder og metode
Hovudområde 3) Bunadhistorie

Hovudområda undervisast i form av tre obligatoriske vekesamlingar. Undervisinga er ordna i ulike tema. Dei vil likevel overlappe til ein viss grad. Norsk institutt for bunad og folkedrakt sitt store arkiv og anna kjeldemateriale vil vere tilgjengeleg for studentane til bruk i deira oppgåver.

Karrieremuligheter

Drakt og samfunn 1 kvalifiserar til opptak til drakt og samfunn 2 . Studiet kan gå inn som ein del av ei 3-årig bachelorgrad eller som vidareutdanning. Studiet gjev kompetanse i draktarbeid som er relevant for mellom anna kunst- og kulturhistorikarar, museumstilsette, lærarar, designarar, kostymemakarar og bunadsprodusentar.


Søknad og opptak

Søknadsfrist Studiet settes ikke opp høsten 2013.
Opptakskrav Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Fakta om studiet

Drakt og samfunn 1
Fører til grad Drakt og samfunn 1 kvalifiserar til opptak til drakt og samfunn 2 . Studiet kan gå inn som ein del av ei 3-årig bachelorgrad eller som vidareutdanning. Studiet gjev kompetanse i draktarbeid som er relevant for mellom anna kunst- og kulturhistorikarar, museumstilsette, lærarar, designarar, kostymemakarar og bunadsprodusentar.


Studieopplegg

Omfang: samlingsbasert eller deltid
Studiepoeng: 30
Antall semestre: 2

Undervisningsspråk: Norsk
Studiestart: 2013
Kostnader