Revisjonsfag
Revisorar arbeider med rekneskapskontroll for verksemder eller som rådgjevarar innan økonomi og administrasjon.
Karrieremuligheter
Mange jobbar som revisormedarbeidarar i revisjonsselskap der oppgåvene går ut på å kontrollere at verksemder følgjer lover og forskrifter og rapporterer riktig. Som revisor går du gjennom årsoppgjer og rekneskap for å kunne vurdere om dette er i orden.
Revisorar blir også i utstrakt grad nytta til rådgjeving på områda økonomi, rekneskap, skatt og omorganisering. Du vil egne deg til å jobbe med økonomistyring, budsjett og rekneskap i ei økonomiavdeling, eller som ein controller som skal sikre at dei økonomiske sidene ved drifta blir ivaretatt.
Etter nokre år innan revisjonsfaget går mange vidare i stillingar som rekneskapssjef eller økonomisjef i privat eller offentleg sektor.
Revisorstudentane arrangerer årlege karrieredagar kvar haust.
Studieinnhold
Det første studieåret består blant anna av bedriftsøkonomisk analyse med IKT, makroøkonomi og offentleg økonomi, mikroøkonomi, statistikk, matematikk og rettslære for revisorar.
I andre studieår har du fag som føretaksstrategi, investering og finansiering, organisasjon, rekneskap for revisorar og samfunnsvitskapleg metode.
Det siste studieåret består av dei sentrale revisjonsfaga rekneskap og budsjettering i offentleg sektor, revisjon, skatterett, årsrekneskap og god rekneskapsskikk.
I det første semesteret får du tilbod om forkurs i matematikk. Studentar som ikkje har kunnskapar tilsvarande matematikk R1/(S1+S2), blir tilrådd å følgje dette forkurset.
Studiet har faste førelesarar frå norske og internasjonale konsulentbyrå innan revisjon. Studentane arrangerer i tillegg fagdagar med profilerte gjesteførelesarar.
Fakta om studiet
Bachelorstudium i revisjonsfagStudiekode 215 369 Fører til grad Bachelor i revisjonsfag Studieopplegg
Omfang: heltid
Studiepoeng:
180
Antall semestre:
6
Studiested: Pilestredet
Undervisningsspråk: Norsk
Antall studenter pr kull:
180
Studiestart:
14.08.2012
Kostnader
Semesteravgift: Pris kr 440,00
Materialavgift: Pris kr 150,00
Søknad og opptak
Søknadsfrist: 15.04.2012 Kvalifikasjonskrav: Generell studiekompetanse / realkompetanseFjorårets poenggrense: Ordinær kvote: 50,7, kvote for førstegangsvitnemål: 44,4
