Menu Norwegian

Prodekanar på plass på LUI

Dekanen har oppnemnt Olav Eikeland og Finn Aarsæther som prodekanar på LUI.

På møtet sitt 25. januar slutta fakultetsstyret seg til oppnemninga av to nye prodekanar ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium (LUI).

Finn Aarsæther blir prodekan for utdanning, og Olav Eikeland blir prodekan for forsking og utvikling. Prodekanfunksjonane er på 50 %, og perioden er på fire år.

Ny prodekan for utdanning Finn Aarsæther (foto: UPUS-Oslo) Ny prodekan for FoU, Olav Eikeland

Bakgrunn frå norsk og yrkespedagogikk

Aarsæther er førsteamanuensis i norskseksjonen ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning. Han startar opp som prodekan i 30 % frå 1. februar og i 50 % frå 1. mai.

Eikeland er professor ved Institutt for yrkesfaglærarutdanning og har m.a. bakgrunn som forskingssjef for yrkespedagogisk utdannings- og arbeidslivsforsking (PUAF). Han tiltrer som prodekan i 50 % frå 1. februar.

 

– Viktig for fakultetet

– Eg er svært glad for at vi no har to prodekanar på plass. Dette betyr mykje for utviklinga av Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium, uttaler dekan Knut Patrick Hanevik.

Aksel Torsnes Mehlum Published: Updated: