Ungdata-tala for 2018 viser at cannabisbruken aukar i heile landet. Dei som brukar hasj og marihuana trivst dårlegare på skulen, har fleire helseplagar og er meir utsett for mobbing enn andre ungdomar.

Tidlegare i år viste Ungdata-undersøkinga Ung i Oslo at hasjbruken blant ungdom i hovudstaden hadde auka markant på få år.

No viser den nasjonale Ungdata-rapporten for 2018 at gutar i resten av landet også brukar meir hasj og marihuana enn for 2–3 år sidan.

Rapporten byggjer på svar frå 249.100 elevar på ungdomstrinnet og i vidare opplæring som svarte på Ungdata-undersøkingar i åra 2016–2018. Rapporten er skrive av Anders Bakken, som leiar Ungdatasenteret ved NOVA, OsloMet.

Medan 13 prosent av gutane på vidaregåande hadde brukt cannabis i 2015, fortalte 16 prosent om det same i 2017. Talet på ungdom som har fått tilbod om cannabis, har òg auka, både på ungdomstrinnet og vidaregåande.

Fakta
Om undersøkinga
Resultata i Ungdata er nasjonalt representative og baserer seg på undersøkingar gjennomført på ungdomstrinnet i 412 kommunar og Svalbard og på dei fleste vidaregåande skulane i landet. Svarprosenten er 85 prosent på ungdomstrinnet og 69 prosent på vidaregåande.

På ungdomstrinnet er det få som har prøvd cannabisprodukta hasj eller marihuane, mens 12 prosent av ungdomane på vidaregåande har prøvd cannabis. Langt fleire gutar enn jenter har brukt cannabis, og på slutten av vidaregåande har 24 prosent av gutane og 13 prosent av jentene prøvd hasj eller marihuana i løpet av det siste året.

Viten og praksis illustrasjon
Kjelde: Ungdata 2018

Sjølv om det er fleire som brukar cannabis, er det lite som tydar på at det å røyke hasj aukar statusen i venemiljøet. Talet på ungdom som meiner at det «har inga betyding» om nokon brukar det eller ikkje, aukar derimot ein god del gjennom ungdomsåra.

Samanlikna med ungdom i andre land, har bruken av cannabis blant norsk ungdomar likevel vore nokså låg.

Kven er cannabis-brukaren?

Forskarane har undersøkt kva som kjenneteiknar dei ungdomane som har brukt hasj og marihuana.

Analysane viser at ungdomane skil seg negativt ut på mange område. Dei er i gjennomsnitt mindre nøgde med foreldra sine, dei trivst dårlegare på skulen, og er mindre nøgde med lokalmiljøet sitt enn andre ungdomar. Dei brukar også mindre tid på skulearbeid og skulkar skulen i langt større grad enn andre ungdomar som ikkje har brukt hasj eller marihuana.

Fakta
Spørsmål om bruk
I eit batteri av spørsmål om bruk av ulike typar rusmiddel blei ungdomane bedne om å svare på kor mange gongar dei i løpet av siste 12 månader hadde «brukt hasj eller marihuana». Svaralternativa var «ingen gongar», «1 gong», «2–5 gongar», «6–10 gongar» og «11 gongar eller meir».

Forskarane finn òg at dei sjeldnare er med i organiserte fritidsaktivitetar, brukar mindre tid heime, heng meir ute med venar om kveldane, og brukar generelt meir tid på skjermbaserte aktivitetar.

Ungdom som har brukt hasj og marihuana, trenar også mindre, opplever meir press i kvardagen, er i større grad misnøgde med eiga helse og rapporterer om langt fleire psykiske og fysiske helseplagar enn andre ungdomar.

I tillegg er ungdom som har brukt cannabis, i langt større grad involvert i regelbrot og mykje meir utsett for vald og mobbing enn andre ungdomar.

Røyker og drikk

Forskjellane mellom dei som har brukt og ikkje brukt cannabis er spesielt store når det gjeld røyking og bruk av alkohol. Medan det nesten ikkje er nokon som røyker sigarettar blant dei som ikkje har brukt cannabis, er det rundt 6 av 10 på ungdomstrinnet og 4 av 10 på vidaregåande som røyker fast blant dei som har brukt cannabis meir enn 10 gongar siste år.

Tilsvarande skilje finn vi på alkoholområdet. På vidaregåande har nesten alle som har brukt cannabis, vore rusa på alkohol, mot rundt halvparten av dei som ikkje har brukt stoffet.

Viten og praksis illustrasjon
Forskjellen mellom dei som har brukt og ikkje brukt cannabis er spesielt store når det gjeld røyking og bruk av alkohol, fortel Anders Bakken. Foto: NOVA

Viktig for det førebyggande arbeidet

– Mange av ungdomane som har brukt cannabisstoff i tenåra, har ein del risikokjenneteikn som det er viktig å ta med seg i det rusførebyggande arbeidet, seier Bakken.

Mange av ungdomane som har brukt cannabisstoff i tenåra, har ein del risikokjenneteikn som det er viktig å ta med seg i det rusførebyggande arbeidet.

NOVA-forskar Anders Bakken

Fakta
Om Ungdata
Ungdata er eit samarbeid mellom dei sju regionale kompetansesentra innan rusfeltet (KoRus) og Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet. Helsedirektoratet finansierer ein stor del av kostnadane ved Ungdata.

Analysane viser at skilnadane mellom dei som har brukt og dei som ikkje har brukt cannabis, er større på ungdomsskulen enn på vidaregåande på dei aller fleste områda som er studert i rapporten.

Bakken meiner dette kan ha samanheng med at det er ei endå meir «selektert» gruppe av ungdom som har brukt slike stoff på ungdomstrinnet enn på vidaregåande.

Det er også viktig å hugse på at undersøkinga viser til eit samanfall av kjenneteikn, men ikkje årsakssamanhengar. Om ungdom slit meir enn andre fordi dei brukar cannabis, eller om dei brukar cannabis fordi dei slit meir, kan forskarane ikkje seie noko om.

Kryssar ei grense

Om det å prøve hasj eller marihuana – isolert sett – er farlegare enn å debutere tidlegare med alkohol, er i dag omdiskutert. Det at alkohol er eit lovleg og sosialt akseptert rusmiddel, medan hasj og andre narkotiske stoff er forbode, utgjer uansett ein viktig forskjell.

Både rusmiddelbrukarens eige forståing og fortolkinga og reaksjonen frå omverda blir påverka av om stoffet er lovleg eller ikkje. Unge som brukar illegale rusmiddel, har kryssa ei ekstra grense.

– Samanlikna med alkohol er eksperimentering med narkotiske stoff eit meir eintydig ungdomsfenomen. Likevel blir nokre hengande igjen i eit misbruksmønster også i vaksen alder, påpeikar Bakken.

Les meir om resultata av undersøkinga og last ned rapporten:

Ungdata 2018 Nasjonale resultater
NOVA Rapport 8/18
Anders Bakken

For meir informasjon kontakt Anders Bakken, anders.bakken@oslomet.no

Les meir om Ungdata på www.ungdata.no

Publisert 20.08.2018

Slutt