Det skjer det no store endringar i omfanget av oppgåvene til fylkeskommunane og fylkesmennene. NIBR har sett på ett av prøveprosjekta for å auka busettinga av flyktningar.

I åra 2012-2014 vaks talet på flyktningar med opphald i norske asylmottak. Busettinga gjekk tregt og det var eit stort og veksande gap mellom kor mange flyktningar kommunane blei oppmoda om å ta imot – oppmodingstala, og kor mange dei vedtok å ta i mot – vedtaksplassar.

Ei rekkje ulike tiltak og modellar blei diskuterte for å få opp tala på vedtaksplassar. By- og regionforskningsinstituttet NIBR ved Høgskolen i Oslo og Akershus har no evaluert eit prøveprosjekt der busetting av flyktningar skjedde i regi av fylkesmannsembeta i Hordaland og Østfold. Dette forsøket skulle auka busettinga i kommunane, og føregjekk i åra 2015 og 2016.

Lang ventetid

Ved utgangen av 2013 venta nesten 5 500 flyktningar med opphaldsløyve på å bli busett i ein kommune. Opphaldstida på mottak for flyktningar med opphaldsløyve auka, og det var stor uro for at livet vart sett på vent for mange, både born og vaksne.

Då forsøksprosjektet vart etablert var flyktningstraumen til Noreg ganske jamn, med ei auke år for år. Snart vart situasjonen likevel ein annan, ikkje minst på grunn av det som hende i Syria. Først fekk vi diskusjonen om å ta imot mange kvoteflyktningar frå Syria, deretter auka flyktningstraumen dramatisk sommaren 2015.

På byrjinga av 2015 såg det ut til at talet på talet asylsøkjarar skulle gå ned i Noreg, men sommaren 2015 vart situasjonen snudd og det kom store tilstrøymingar av asylsøkjarar og migrantar til Europa og til Noreg. I løpet av 2015 kom det over 31 000 asylsøkjarar, og av desse nesten 5 500 einslege mindreårige.

Regjeringa sine målsettingar om auka og raskare busetting av flyktningar i kommunane ligg til grunn for prosjektet som no er evaluert. Prosjektet i dei to prøvefylka, Hordaland og Østfold, skulle bidra til å nå desse målsettingane, gjennom å involvere fylkesmannen som ny aktør i busettingsarbeidet.

Fylkesmannsembeta fekk ansvaret for dialogen med kommunane om talet på busettingsplassar. Dialogen blei vektlagt fordi busetting av flyktningar er ei frivillig sak for kommunane. Arbeidet skulle óg bidra til utviklingsarbeid i kommunane for å styrke innsatsen med intergrering og kvalifisering i kommunane.

Nådde måla

Rapporten frå NIBR konkluderer med at forsøksprosjektet i Hordaland og Østfold nådde hovudmålet med å busette fleire flyktningar, både gjennom auke i busettingstala i kommunar som var busettingskommunar frå før, og gjennom at fleire kommunar vart busettingskommunar.

Med alt som hende på flyktningområdet medan prosjektet gjekk føre seg, kan prosjektet ikkje oppsummere at innsatsen frå fylkesmannen i dei to fylka åleine kan forklare auken i busetting av flyktningar. Også andre fylke, utan prosjekt, auka busettingstala.

– Men det Hordaland og Østfold oppnådde gjennom prosjektet, var at arbeidet vart gjennomført meir heilskapleg og systematisk, både internt hos Fylkesmannen, hos regional stat samla og at kommunane fekk ei tydeleg og sterk støtte i fylkesmannen i arbeidet med å busette flyktningar, forklarar prosjektleiar Sigrid Skålnes i NIBR.

Skålnes og Berit Aasen har forfatta den ferske rapporten «Fylkesmannens rolle i busetting av flyktningar» (NIBR-rapport 2017:7).

Forsøksprosjektet om Fylkesmannenes styrka rolle i busettingsarbeidet har gjeve dei to fylkesmannsembeta høve til å prøve ut nye arbeidsmetodar, og betre integrere arbeidet med busetting, kvalifisering og integrering i deira avdelingar og i møte dei har med kommunane på ei ulike fagområda deira.

Erfaringane frå forsøksprosjektet kan ligge til grunn for ein diskusjon om endra arbeidsdeling, tydelegare ansvar og maktmidel for Fylkesmannens endra og større ansvar i busettingsarbeidet. Det skjer det no store endringar i omfanget av oppgåvene til fylkeskommunane og fylkesmennene. Dette reformarbeidet er framleis under arbeid.

Bakgrunn

Prosjektet er gjennomført på oppdrag av Justis- og beredskapsdepartementet. I dette forsøket fekk Fylkesmannen ansvar for dialogen med kommunane om busetting av flyktningar, og rapporten er ei evaluering av Fylkesmannen i Hordaland og Østfold sitt arbeid med å få opp talet på busetting av flyktningar i kommunane i dei to fylka i åra 2015 og 2016.

Det var Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) som hausten 2014 sette i gang forsøksprosjektet.

Rapporten er basert på spørjeundersøking til alle kommunane i Hordaland og Østfold, intervju med sentrale aktørar både i kommunar og hos Fylkesmannen i dei same fylka, hos IMDi og andre sentrale aktørar, deltaking på konferansar og møte og på skriftlege dokument.

Prosjektet er gjennomført av By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), av forskarteamet Sigrid Skålnes, Berit Aasen, Daniel Rauhut og Susanne Søholt. Sigrid Skålnes, statsvitar har vore prosjektleiar, og har saman med Berit Aasen, sosiolog, gjort storparten av arbeidet med rapporten.

Publisert 14.07.2017

Slutt