Sårbare eldre, psykisk sjuke og personar med rusproblem er grupper som får lite merksemd når kommunane skal jobbe for å avdekke og hjelpe vaksne som er særleg utsette for vald og overgrep.
Fakta
Om undersøkinga
Resultata frå studien er basert på intervju med kommunalt tilsette i eit tilfeldig utval av 100 norske kommunar. Kommunane hadde ulik storleik og geografisk plassering. Utvida intervju blei gjennomført med tilsette i 20 kommunar som hadde erfaring med verktøy utvikla av Bufdir.

Alle utsette for vald skal ha eit likeverdig tilbod om hjelp. Får dei det i dag?

Ein ny rapport frå NOVA viser at manglande merksemd om utsette grupper og deira særlege behov, kan gjere det vanskelegare å oppdage at vald og overgrep skjer.

NOVA og Voldsprogrammet har på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) kartlagt korleis norske kommunar arbeider for å verne risikoutsette vaksne mot vald og overgrep. Forskingsleiar Tonje Gundersen og forskar Camilla Vislie har gjennomført kartlegginga, som er publisert i rapporten Vern av risikoutsatte voksne. Kommunenes varslingssystemer for avdekking av vold og overgrep.

Når tilsette i kommunane mistenker eller oppdagar vald eller overgrep, er det viktig å ha prosedyrar for korleis ein skal handtere situasjonen. Det kan vere avgjerande for at saka blir handsama på ein god måte vidare.

Kven er dei risikoutsette vaksne?

Temaet vold i nære relasjonar har fått auka merksemd dei seinaste åra, og fokuset har i stor grad vore på vold og overgrep mot kvinner og barn. Samtidig er det nokre grupper av vaksne i samfunnet som har auka risiko for å bli utsett for fysisk, psykisk, seksuell eller økonomisk vald eller omsorgssvikt. Desse treng óg merksemd.

Viten og praksis illustrasjon
Forskar Camilla Vislie

Med risikoutsett eller sårbare vaksne reknar forskarane personar over 18 år som i særleg grad kan ha behov for vern mot vald og overgrep, og som på grunn av sin livssituasjon i liten eller ingen grad er i stand til å beskytte seg sjølv frå skade eller utnytting. Det kan vere personar som får, eller burde få, helse-, omsorgs- eller sosiale tenester på grunn av sjukdom, alder eller funksjonshemming.

Eldre, psykisk sjuke, rusmisbrukarar, personar med fysisk funksjonsnedsetting eller utviklingshemming, er typisk grupper som kan ha auka risiko i bestemte samanhengar og særleg sårbare situasjonar

Forskar Camilla Vislie

– Fleire av desse gruppene treng spesielt tilpassa løysningar. Personar i aktiv rus eller med alvorlege psykiske lidingar kan ofte ikkje bruke ordinære tilbod som krisesentra, og når vaksne utviklingshemma blir utsett for overgrep, skal politiavhøyra skje i barnehus, framhevar Vislie.

Berre ein av tre har rutinar

Sjølv om undersøkinga viser at halvparten av kommunane har skriftlege varslings- og rapporteringsrutinar, er det berre ein av tre kommunar som har spesifikke rutinar for ulike grupper av risikoutsette vaksne. Slike rutinar beskriver kva dei tilsette skal gjere når dei oppdagar eller mistenkjer vald og overgrep i desse tilfella.

Dei aller fleste av dei særlege retningslinene rettar seg mot ein gruppe, nemleg personar med psykisk utviklingshemming som opplever seksuelle overgrep.

Tretten prosent av kommunane har generelt utforma retningsliner eller prosedyrar, medan 52 prosent ikkje har nokon skriftlege rutinar.

– Konsekvensane av manglande prosedyrar kan vere at visse risikoutsette grupper ikkje får det same vernet mot vald og overgrep som andre får, seier Camilla Vislie.

– Ein følge av at det ikkje finst eigne, godt kjente retningsliner for å handtere vald mot til dømes psykisk sjuke personar, er at det heller ikkje er nok kunnskap i kommunen om denne gruppa og deira risiko for å oppleve vald.

Viten og praksis illustrasjon
Forskingsleiar Tonje Gundersen har leia prosjektet.

Små kommunar er dårlegast stilt

Det er ofte dei store og mellomstore kommunane som har dei spesifikt retta retningslinene og prosedyrane. Dei har også oftare krisesentre plassert i kommunen, og har betre tilgang på ressursar som fagkompetanse. Større kommunar har gjerne også fleire og spesialiserte stillingar som gjer det lettare å utvikle og implementere verktøy og system.

For det er ikkje nok å ha retningslinene og verktøya på plass, ein må også ta dei aktivt i bruk. Og i følge forskarane er dette ofte ikkje tilfellet.

Les mer:

– Aktiv bruk føreset at rutinane og systema er implementert og gjort kjent både på leiar- og tenestenivå, understrekar Tonje Gundersen.

Dei fleste kommunane fortel at rutinane er godt kjent på fleire nivå, men at dei sjeldan er innført i meir enn ein teneste og oftast gjeld dei berre for enkelte former for vald og mot enkelte grupper sårbare.

Dermed er dei ikkje utforma som heilskapleg system som omfattar alle tenester, alle typar vald og alle risikoutsette grupper.

– Nokre av dei tilsette i dei små kommunane fortel at av di dei har få innbyggjarar og gjennomsiktige forhold, er det ikkje nødvendig med eit stort apparat med skriftlege rutinar for å handsame og avdekkje overgrep, fortel Gundersen.

– Men små forhold der mange kjenner kvarandre, kan også gjere det vanskeleg å handle, og difor kan verktøy og rutinar vere gode å støtte seg til.

Verktøy kan auke avdekking

Dei kommunane som har retningsliner og verktøy, og som har klart å implementere dette hjå dei tilsette, fortel at dei avdekkjer fleire saker og har fleire politimeldingar.

Dei kommunetilsette trekk fram at dei skriftlege rutinane gjev tryggleik viss og når situasjonar oppstår. Mange har gode erfaringar med Bufdir sine «Retningsliner ved seksuelle overgrep mot vaksne med utviklingshemming», som er det verktøyet flest kommunar nyttar.

Les mer:

Forskarane tilrår at dei verktøya Bufdir har utvikla til no, blir utvida til å omfatte fleire former for vald og overgrep og fleire grupper risikoutsette vaksne.

Avdekking fordrar kunnskap

Gundersen og Vislie understrakar at arbeidet med å gjere rutinar og verktøy kjent hjå tilsette i alle tenestene i kommunen, er det viktigaste med systema. Samstundes med at ein gjer dei kjent, følger det med kunnskap og merksemd om kva for situasjonar vald og overgrep kan finne stad i.

– Den kunnskapen og kompetansen dei tilsette då får, er alfa og omega for å oppdage vald og overgrep, meiner Gundersen. – Det ein ikkje ser, kan ein heller ikkje gjere noko med.

Ein av tilrådingane frå forskarane er difor at tenesteytarar og leiarar får tilstrekkeleg opplæring i bruk av verktøyet, og at det blir utvikla omfattande implementeringsstrategiar som sikrar brei kjennskap til materiell og tema.

Kontakt Tonje Gundersen for meir informasjon: tonje.gundersen@nova.hioa.no

Publisert 28.04.2017

Slutt